nyhende

Noregspris skal hindre at straumprisen går til himmels for forbrukarane. Bildet viser høgspentmastene som leverer straum til Hydro Karmøy. Foto: Fredrik Varfjell / NTB / NPK
Noregspris skal hindre at straumprisen går til himmels for forbrukarane. Bildet viser høgspentmastene som leverer straum til Hydro Karmøy.

I tvil om noregspris på straum? Dette må du vite

I desse dagar tel mange på knappane om dei skal seie ja takk til noregspris på straum eller ei.

Publisert Sist oppdatert

Fakta om noregspris

  • Ordninga gir ein fast pris på 50 øre per kilowattime straum. Prisen er inklusive moms og gjeld ut 2026. I tillegg kjem nettleige, avgifter og eventuelle påslag frå straumleverandøren.
  • Ein kan sjølv velje noregspris eller å halde fram som i dag med spotpris supplert med straumstøtte. Vel du noregspris, må du bestille dette på minside.elhub.no.
  • Noregspris kan teiknast både heime og på hytta. Ordninga har eit tak på 5.000 kWh per månad for hushald og 1.000 kWh for hytter.
  • Går forbruket over dette, må ein betale det overskytande ut frå den straumprisen ein har avtalt med straumselskapet sitt.
  • Noregspris har bindingstid frå du bestillar til 31. desember 2026.
  • Avtalen er knytt til bustad, ikkje person. Dersom ein sel bustaden eller går bort, overtek den nye eigaren avtalen.

Onsdag denne veka opnar straumselskapa slusene for å bestille noregspris på straum. Det må gjerast via nettstaden Elhub med elektronisk ID.

Du kan ha noregspris både heime og på hytta. Men pass på: Takkar du først ja, har du ikkje moglegheit for å hoppe av før 1. januar 2027.

Ordninga inneber ein fastpris på straum på 40 øre (50 øre inklusive moms) frå 1. oktober, same kva spotprisen er. På Elhub kan du òg sjekke om det lønner seg for deg å ha noregspris, eller om det er betre å betale spotpris med straumstøtte.

Vil lønne seg i sør

Men noregspris vil truleg lønne seg for mange – særleg sør for Dovre. I Nord-Noreg er straumprisane ofte mykje lågare enn 40 øre, medan det for folk i Midt-Noreg kan vere meir usikkert om det er noko å spare.

Likevel viste ei undersøking frå Fornybar Norge i juli at éin av to ikkje hadde bestemt seg.

Regjeringa kunngjorde den nye noregspris-ordninga berre dagar etter at Senterpartiet forlét henne i slutten av januar. Dermed lukkast ein delvis å setje punktum for ein tidvis oppheta straumdebatt.

Ein av hovudgrunngivingane til regjeringa for ordninga er at noregspris inneber føreseielege straumrekningar.

Ifølgje energiminister Terje Aasland (Ap) er målet å skape stabilitet for både forbrukarar og kraftsystemet.

Bindingstid ut 2026

Den som vel noregspris, bind seg til prisen ut dette året og heile neste år, same kva den marknadsstyrte spotprisen blir.

Frå og med 1. januar 2027 vil noregsprisen bli justert årleg ut frå gjennomsnittsnivået på marknadsprisen.

I tillegg til noregspris må du betale nettleige, elavgift og eventuelle påslag frå straumselskapet ditt.

Bindingstida skal hindre at folk berre nyttar ordninga i vinterhalvåret, når straumen som regel er dyrast, og melder seg ut i sommarhalvåret.

Ein kan velje noregspris både heime og på hytta. Men ordninga gjeld førebels ikkje for bedrifter.

Knytt til bustad

Om du vel noregspris, er avtalen er knytt til bustaden, ikkje til deg personleg. Om bustaden blir seld eller eigaren døyr, overtek ny eigar avtalen.

Kjøpar du ny bustad som har noregspris, kan denne ikkje seiast opp før 1. januar 2027.

Pass også opp for villeiande marknadsføring. Dette har det vore fleire døme på, skriv nettselskapet BKK i ei pressemelding.

– Ver varsam mot svindelforsøk, og hugs på at ingen skal inn i bustaden din i samband med noregspris, seier Morten Neteland, leiar for kundedivisjonen i BKK.

Søta bror er sur

Om nordmenn kan prise seg lukkelege over å sleppe høge straumprisar i vinter, er svenskane langt mindre begeistra.

– Noregspris er ein provokasjon. Sverige må planleggje mottiltak, skriv avisa Expressen på leiarplass.

Følgjene av noregsprisen er direkte skadelege, meiner avisa, som peikar på at ordninga gir lite insentiv til å investere i energieffektivisering eller spare på straumen i dei dyraste timane.

Avisa viser til det norske konsulentselskapet Thelma, som har rekna ut at straumprisane i nabolanda våre vil auke fram mot 2030 som følgje av noregspris.

– Vi burde la nordmennene få smake sin eigen medisin, skriv Expressen, som anbefaler svenske myndigheiter å strupe eksporten av straum frå Sverige til Noreg.

Powered by Labrador CMS