nyhende

— I Sveio skal alle barn vera heldige

Overgang frå barnehage til skule blir no gjort tryggare gjennom Salamanderklubben. Barn og foreldre skal få verta kjent med skulen før dei byrjar. — Det er førebyggande, seier prosjektleiar Brynhild Størkersen Herheim.

Publisert Sist oppdatert

— Førde, Sveio og Auklandshamn skal samlast tre gongar i vår på Salamanderklubb, seier Brynhild Størkersen Herheim, prosjektleiar i «Hallo! Adjø!» hjå Sveio kommune.

Ho fortel om pilotprogrammet Salamanderklubb som 43 komande skulebarn skal vera med på i løpet av dei neste månadane.

— Eg har fått fleire tilbakemeldingar frå foreldre om at dei er positive, seier Herheim.

Salamanderklubb

«Hallo! Adjø!» er eit noverande prosjekt som skal gje ein trygg overgang frå barnehage til skule. I år har dei starta eit pilotprogram for å gjere skulestartarar kjent med skulen på førehand.

For å gje den eit lokalt preg, har den i Sveio fått namnet Salamanderklubben.

— Det blir trygt og godt for barn å verta kjent med lærarar og skulen når dei er saman med foreldra sine, seier Herheim.

Kvar skulekrins skal møta kvar for seg. Første samling blir halde allereie før påske.

— Målgruppa er alle barn, men særleg dei som har lite nettverk eller kjem åleine frå barnehagen, seier Herheim.

Velkomstposar

— Det er ein velkomstbag. Oppi ligg det ei bok, ein blyant og ein ruteblokk, smiler Herheim.

På bordet står det nesten 43 velkomstposar. Rundt dei sit rektorane frå Auklandshamn, Førde og rektor og inspektør ved Sveio skule.

— Det blir spanande, seier Bjørn Tore Enerstvedt, rektor ved Førde skule.

Herheim har samla dei ein siste gong før rektorane skal halda sin første samling med komande elevar. For barn kan åtskiljing frå foreldra og ein ny kvardag vere vanskeleg.

— Erfaringane frå ein annan skule som har hatt ein slik klubb er positive, seier ho.

Betre overgang

Hensikta med møta i Salamanderklubben er å betra overgangen frå barnehage til skule, både for barn, foreldre, skule og lærarar.
Noko hu trur vil ha gode konsekvensar.

— Eit godt foreldresamarbeid fører til betre trivsel, leksevanar, arbeidsinnsats og relasjon mellom elev og lærar, seier Herheim.

Til dømes kan læraren verta informert om ein komande elev med ekstra behov på desse møta i Salamanderklubben. Då vert det enklare å stilla førebudd når eleven byrjar på skulen.

Nokre er meir sårbare

Heidi Storstein er inspektør ved Sveio skule, og fortel at dei ynskjer programmet velkomen, til dels grunna tidlegare erfaringar.

— Me har eit godt samarbeid med barnehagar. Dei har besøksdagar før skulestart. For dei fleste går det fint, men nokre er meir sårbare, seier Storstein.

Ho viser til at ofte har nokon barn sysken eller syskenbarn som allereie går på skulen, men at det uansett kan vera ein utfordrande overgang.

— Det kan vera spanande, og det kan vera skummelt, seier Storstein.

Rektorane er samde om kor mykje eit slikt program kan bety for deira nye elevar.

— Det er viktig med overgangar, seier Lene Lier, rektor ved Sveio skule.

Raud tråd

Herheim er nøgd med korleis samarbeidet i kommunen har fungert.

— Eg følar me er gode på å jobba med heile kommunen, ikkje berre ein skule eller stad. Rammene skal vera like, og den raude tråden med inkludering og samansveising, seier ho.

Mogelegvis det som best set ord på kva dei ynskjer å oppnå, er noko Camilla Tverfjell, rektor ved Auklandshamn skule, sa på eit tidlegare møte.

— Det er som Camilla sa, i Sveio skal alle barn vera heldige, seier Herheim.

Herheim har motteke finansiering frå fylkeskommunen på vegner av Sveio kommune, og ho held fram i nokre år til.

— Eg er ferdig med prosjektet i 2025, seier ho.

Vikse skule og Valestrand oppvekstsenter vert førebels ikkje med i Salamanderklubben.

— Det er eit pilotprosjekt, så for å sjå om det får ein effekt på overgangen, kan ikkje alle skulane vera med, avsluttar Herheim.

Powered by Labrador CMS