nyhende
– I Sveio er det trygt og godt
Elisabeth Staupe er vekas «Hei, sveibu».
– Eg jobbar som koordinator på Skattkammeret og har møteplass for barn og unge. Skattkammeret er ein gratis utlånssentral av sport- og fritidsutstyr. Møteplassen er eit tilbod etter skuletid tre dagar i veka for 5. klasse og oppover. Her er alle i Sveio velkomen.
– Kva er det beste med å vera sveibu?
– I Sveio er det trygt og godt. Mange kjekke folk, fin natur og me har det me treng av butikkar i det daglege.
– Er det noko du saknar i Sveio?
– Det må vel vera motorcrossbane slik at ungdomen kan få «leika» seg litt.
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Trur det må være Sveiodagene i tida eg vaks opp. Hugsar godt karusellar, mange boder med loddsal og sal av store slikkepinnar i alle fargar og sukkerspinn.
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Eg ønskar å framsnakka alle dei som står på med frivillig arbeid for Skattkammeret og Frivilligsentralen, og alle andre som legger ned masse tid for barn og unge i Sveio.