Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
I sentrum for dramatisk historie
Den eldste delen av kommunehuset representerer utan tvil ein viktig del av Sveio si historie. Og delar av historia som knyter seg til huset, er svært dramatisk.
Då huset sto ferdig og blei opna – eller vigsla, som dei kalla det den gongen – 14. januar 1926 i nærvær av både fylkesmann og ordførarar frå Valestrand og Vikebygd, hadde gamle Sveio kommune endeleg fått sitt første heradshus.
Til stades var også lensmann Styrk Fjærtoft, doktor Kristensen og lærarane i bygda, kan me lesa i eit gammalt avisreferat som noverande ordførar André Mundal Haukås (H) har funne fram.
– Eit gasta tiltak
Ved opninga blei huset oppfatta som svært stort. Det fekk også rosande omtale.
– Det er eit gasta tiltak som tener både ordførar Georg Tveit og andre styrrsmenn i Sveio til ære, står det i den same avisartikkelen.
I første høgda var det to møtesalar og eitt mindre rom. I andre høgda var det fem rom. Her blei det plass til rikstelefonsentral og dessutan bustad til jordmora i bygda. Kjellarhøgda blei leigd ut til Fjære Sparebank sin filial.
Flytta frå Vandaskog
Men huset var ikkje heilt nytt. Det hadde tidlegare gjort teneste som skulehus på Vandaskog. I 34 år, ifølge Sigurd Tveit si bok «Bygdelangs». Då kommunen henta inn tilbod på bygging, omfatta tilbodet både grunnarbeid, flytting av det gamle skulehuset og tilbygg.
Fire tilbydarar melde seg. Sveibuen Knut Lindøy fekk tilslaget med eit tilbod på 14.000 kroner. Då bygget sto ferdig, viste det seg at byggekostnadene var komne opp i 16.000. Kommunen måtte ta opp lån på 10.000 kroner for å finansiera huset.
Huset er eit tømrabygg i første høgda og usiolert bindingsverk i andre. Andre høgda og takkonstruksjonen blei ombygt då tilbygget kom opp i 1965. I kjellaren er det for lågt under taket til at denne delen av bygningen kan nyttast til arbeidsplassar i dag. Dessutan vil det ikkje vera mogleg å gjennomføra tiltak mot radon. Kjellaren blir difor no nytta som lager.
Delt førsteplass
Ordførar i byggeperioden var altså Georg Tveit. Han var 29 år gammal då han blei valt til ordførar i 1923, like gammal som André Mundal Haukås var då han blei valt 100 år seinare.
– Me deler altså førsteplassen med å vera kommunen sin yngste ordførar. Elles håpar eg at eg skikkar meg betre og får eit betre ettermæle enn han, seier Mundal Haukås.
Saman med ein del andre nyvalde ordførarar blei Georg Tveit presentert i Gula Tidend 3. mars 1923. Av omtalen framstår han som ein typisk representant for dei store folkerørslene som vaks fram i siste del av 1800-talet og hadde stordomstida si først på 1900-talet.
Han hadde bakgrunn som styreleiar både i den lokale fråhaldslosjen, mållaget og Venstre-laget i bygda. Til avisa nemner han også bygging av kommunehus som ei av dei viktige sakene i Sveio, saman med vegbygging og elektrifisering.
Tveit hadde hatt plass i formannskapet sidan 1919 og nytte tydeleg nok stor tillit.
Den trulause ordføraren
Det skulle visa seg at han ikkje var tilliten verdig. Som ordførar tok nemleg Tveit opp ureglementerte lån med pant i det nye kommunehuset. I alt blei det registrert låneopptak i fem ulike bankar.
For kommunen sin del utgjorde det 50.000 kroner, melde Haugesunds Dagblad 21. januar 1928. Pengane brukte han på seg sjølv. Då underslaget blei oppdaga, blei han suspendert frå ordførarvervet. Han blei arrestert, tiltalt og dømt til fengsel i to år og åtte månader.
Kommunen nekta å stå til ansvar for den avsette ordføraren sine låneopptak. Men banken kravde sitt, og ei tid såg det ut til at kommunehuset kunne bli selt på tvangsauksjon. Sveio måtte heilt til Høgsterett for å berga det nye administrasjonsbygget.
For Tveit blei underslaget i Sveio starten på ein serie økonomiske brotsverk som førte han bak murane fleire gonger. Ein av dommane var på fire års fengsel.
Georg Tveit døydde i 1964. Han har ingen kjende etterkomarar etter seg, opplyser ordførar André Mundal Haukås.
Dagens bruk av det gamle kommunehuset: