nyhende
Fekk melding frå bilist natt til fredag:
I natt: Bilist skal ha sett ulv i Tysvær
Politiet ser ikkje vekk i frå at det kan vere ein streif-ulv på Haugalandet.
Klokka 01.55 natt til fredag fekk politiet melding frå ein bilist som var 100 prosent sikker på at ein ulv passerte framfor bilen hans på E134 på Skre i Tysvær.
— Bilisten argumenterte med at han har sett ulv før, at han hund sjølv, og at han difor veit skilnaden på ulv og hund, Sør-Vest politidistrikt på Twitter.
Politiet sa til Radio 102 fredag morgon at bilisten var heilt sikker, og at politiet ikkje ser vekk i frå at ein streif-ulv har funne veien til Haugalandet.
Til VG seier operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen at det har vore ulv i Rogaland tidelegare.
– Eg veit det har vore ulv i fylket før, i alle fall fant eg ut det når eg søkte på nettet, men ingen observasjonar i dette området, så langt nord.
På spørsmål frå VG om politiet har tatt opp jakta på ulven svarar han Fenne-Jensen:
– Nei, det har vi ikkje. Det er nok fleire som kjem til å engasjere seg i dette mysterien.
#Tysvær, E-134 v/ Skre kl 0155: Ulv på Haugalandet???
En bilist meldte at han var 100 % sikker på at en ulv passerte foran bilen hans på E-134. Bilisten argumenterte med at han har sett ulv før, at han har hund selv, og at han derfor vet forskjellen på ulv og hund.— Politiet i Sør-Vest (@politietsorvest) February 4, 2022