nyhende

Dompap hadde eit godt år under hagefuglteljinga i fjor. Kva viser teljnga i 2025? Foto: Frode Falkenberg / BirdLife Norge
Dompap hadde eit godt år under hagefuglteljinga i fjor. Kva viser teljnga i 2025?

I helga er det klart for årets store hagefuglteljing

Store snømengder og mange kuldegrader, regn og plussgrader – korleis påverkar årets vintervêr småfuglene i norske hagar? I helga er det klart for den store hagefuglteljinga.

Publisert Sist oppdatert

Fuglar i Sveio 2024

Her er fuglar som blei rapporterte inn i Sveio under teljinga i fjor. Tala viser snitt per hage:

  • Gråspurv, 7,4
  • Skjære, 3,7
  • Bjørkefink, 2
  • Kjøttmeis, 6,5
  • Spurvehauk 1,5
  • Svartmeis, 1,8
  • Bokfink, 2
  • Granmeis, 2,7
  • Toppmeis, 1
  • Nøtteskrike, 1
  • Dompap, 4,3
  • Spettmeis, 1,8
  • Raudstrupe, 1,9
  • Blåmeis, 5,9
  • Svarttrast, 4,6
  • Pilfink, 5
  • Flaggspett, 1,3
  • Grønfink, 7,5
  • Løvmeis, 2
  • Gjerdesmett, 1
  • Stillits, 6
  • Gulspurv, 5,5
  • Grønsisik, 10,5
  • Gråsisik, 2

Det er fuglevernorganisasjonen BirdLife Norge som inviterer til den årlege hagefuglteljinga laurdag 25. og søndag 26. januar, der du kan bidra til folkeforskning ved å rapportera kva fuglar du har i hagen din.

For 18. året på rad skal tusenvis av norske hager undersøkast. Gjennom åra har ein fått god kunnskap om kordan bestandar av fleire artar har endra seg. Nokre fugleartar slit og blir færre, mens andre har ei positiv utvikling og har utvida sitt vinterområde i Noreg.

Alle som legg inn sine observasjonar, bidrar til ei viktig kjelde til kunnskap om artane som er i vårt nærmiljø om vinteren.

Slik gjer du det

I hagefuglteljinga er det fuglane som besøker fuglebrettet, foringsplassen eller hagen som skal teljast og rapporterast på fuglevennen.no, fuglar ved foringsplassen. Det høgeste antalet av ein art som ein ser samtidig skal rapporterast, og ikkje summen av alle observasjonar. Deltakarane bestemmer sjølv kor lang tid dei brukar på teljinga, men ein times tid bør vera eit minimum.

Oppdaterte resultat i sanntid finn du her. Lurer du på kva artar som besøker din hage, eller trenger tips om mating av fuglar, finn du også hjelp på fuglevennen.no. Her kan du også spørja ein fugleekspert om alt i fuglane si  verd.

Høver det ikkje til å telja fuglar i helga, er det mogeleg å rapportere også veka før eller etter. Rapportar frå perioden 18. januar til 2. februar 2025 kjem med i årets teljing.

Korleis påvirkar vêret fuglane?

Hagefuglane er flinke til å tilpassa seg vêrforholda. Svarttrosten for eksempel, likar å hoppa rundt i mildvêr på barmark mens den leitar etter noko å eta under blader. Når det blir kaldt og snøen dekker marka, trekker dei inn til hagar og foringsplassar for å finna mat.

Mange artar lever heilt på grensa når dei overvintrar i Noreg, og har derfor stor glede og nytte av godbitar som blir lagt ut i hagane.

Årets finkeprognose

Det er stor variasjon i antal fuglar som oppsøker hagane våre for å få seg ein matbit. Dei store utslaga er det finkefuglane som står bak. Mange av dei lever i flokk og som nomadar utanfor hekkesesongen, på evig jakt etter mat. Dei forskjellige finkane har forskjellig favorittmat, som er frø frå ulike tre (or, bjørk, bøk, gran osv.).

Lokalt frøsetting hos treslaga er derfor med på å forklara kvifor det er lite av ein art eit år, men store mengder eit anna. Rapportar fra norske hagar så langt i vinter kan tyda på at det er rikeleg med dompap, bjørkefink og grønnsisik i landet. Gråsisik, ein art som nokre år kan vera dominerande under teljinga, er hittil berre rapportert i små antal.

Powered by Labrador CMS