nyhende

Til helga er det igjen klart for full innsats i Kiwi Cup. Bildet er frå fjorårets cup og ein kamp mellom Sveio 1 (gulgrøne vestar) og Sveio 2.
Til helga er det igjen klart for full innsats i Kiwi Cup. Bildet er frå fjorårets cup og ein kamp mellom Sveio 1 (gulgrøne vestar) og Sveio 2.

I helga er det Kiwi Cup

Laurdag og søndag brakar det laus på fotballbanane i Sveio. Då er det nemleg Kiwi Cup.

Publisert Sist oppdatert

– Me gler oss, seier Lillian Rommetveit, dagleg leiar i Sveio IL.

Til helga skal nemleg heile 70 lag spela fotball under årets Kiwi Cup.

– Dei kjem frå heile området, Sunnhordland og Haugaland sjølvsagt, men også heilt frå Bergen, seier Rommetveit.

Cupen finn stad mellom klokka 10 og 14 begge dagane, så innfødde kan rekna med å sjå unge fotballspelarar i alle slags draktfargar innanfor det tidsrommet.

Powered by Labrador CMS