nyhende

I gang med grunnarbeidet til ny trafostasjon

Fredag starta gravearbeidet for å gjera plass til Haugaland Kraft sin nye nettstasjon like ved sida av Vestavind-huset i Sveio sentrum.

Publisert Sist oppdatert

– Den nye stasjonen skal vera på plass neste torsdag, 7. mars. Deretter blir det ein periode med omleggingsarbeid før den gamle stasjonen blir fjerna og området rundt tilbakeført til den standen det var før, sa kommunikasjonsansvarleg Gunn Margareth Lassesen i Haugaland Kraft og Fagne til Vestavind då arbeidet starta.

Tysdag i denne veka stadfesta Lassesen at alt er i rute og at det framleis er eit mål å ha den nye stasjonen på plass torsdag.

Lassesen fortel vidare at alt arbeid skal bli avslutta i første halvdel av april.

– Den tekniske levetida til den eksisterande stasjonen er oppnådd. Det er grunnen til utskiftinga. Den nye stasjonen vil nok få litt auka kapasitet i forhold til den gamle og vil vera dimensjonert for normalt forbruk i området. Og for å ta mest mogleg omsyn til kundane og letta arbeidet med utskifting, blei det bestemt å byta lokasjon, fortel Lassesen.

Rett nok er det berre få meter frå den gamle stasjonen der det nå blir gjort plass til den ny. Firmaet A & B Andreassen Maskin AS står for det grunnarbeidet som no er i gang.

Powered by Labrador CMS