nyhende

I fotspora til bestemor Berta

Ho har alltid vore interessert i slekta, og no har Bjørg Marit Baustad Grastveit (63) laga ei omfattande slektsbok som tek utgangspunkt i mormora, som kom frå garden Nedre Økland i Valestrand.

Publisert Sist oppdatert
Den unge Berta Gurine Økland f. 1884 hos fotografen i Haugesund. Ho gifta seg til Nedstrand og tok etternamnet Landråk.

– Bestemor mi heitte Berta Gurine Økland Landråk og var eitt av dei 11 borna til Lisabeth og Ole Økland. Tre av dei utvandra til Amerika, fortel bokskrivaren Bjørg Marit Baustad Grastveit.

Boka har fått tittelen «Slekta etter Lisabeth og Ole Økland». Boka er på rundt 260 sider med omtale av dei 11 borna, slektsoppsett, slektstavler, kart, eige kapittel om garden nedre Økland, og mange fotografi.

– Eg har først og fremst skrive for slekta, men trur også at boka har relevans for andre som har interesse for gamal historie, seier Baustad Grastveit. Sjølv er ho fødd og oppvaksen på Sandnes, men heldt til i alle feriar i Muslandsvåg på Nedstrand hos bestemor og bestefar.

Tette slektsband

– Bestemor Berta var frå Økland. Diverre døydde ho tidleg så eg kjente henne eigentleg ikkje. Men mor hadde gode relasjonar til fleire av søskenbarna sine, og ein sommar besøkte me Økland, og var der i fleire dagar, fortel Baustad Grastveit som er trebarnsmor og bestemor til seks. Ho er utdanna aktivitør og Gestalt Psykoterapeut. Elles har ho mange hobbyar, ein av dei er å skriva slektsbøker, dette er hennar tredje.

– Mor sin relasjon med Økland-slekta har nok smitta over på meg, for då eg no i godt vaksen alder tok kontakt for å skriva bok, merka eg veldig at blod er tjukkare enn vatn. Dei er så gjestfrie og flotte menneske, akkurat slik bestemor sine vener og naboar har beskrive henne. Ho song og tralla alltid, var glad og lo mykje. Ei sterk dame, gift med ein skipper som segla i 47 år, i to verdskrigar og på alle hav. Det er som eg kjenner at desse menneska har eg mykje til felles med, fastslår bokskrivaren rørt.

Magiske funn

Baustad Grastveit fortel ho var berre rundt 12-13 år då ho teikna sitt første slektstre, inspirert av faren og onklane som snakka slekt rundt kaffibordet.

– Far var flink til å halda kontakt med fleire av søskenbarna sine og besøkte gamle tanter. I 1981 var far og eg på kontoret til Rogaland historie- og ættesogelag, og bladde i Ellingsen-samlingane. Der lærte eg om kva gardar dei forskjellige oldeforeldra mine kom frå, kva kommunar og fylke. Alt føregjekk på papir den gongen, og det var spennande og finna namna til besteforeldra sine i kyrkjebøkene, skrive med sirlige bokstavar av ein prest på 1800 talet.

– Eg hugsar godt då eg fann dåpen til farfaren min. Eg sat på Statsarkivet med kvite hanskar og bladde i ei kyrkjebok. Så bladde eg forsiktig over til ei ny side. Og der på toppen av neste side lyste namnet hans mot meg. Det var ein magisk augneblink, og eg måtte kikka meg forsiktig rundt for å sjå om dei andre på lesesalen kunne sjå at tårene mine spratt ut, minnast slektsgranskaren som etter det har opplevd mange slike magiske stunder – også i U.S.A.

Slektsbok nummer tre

Frå 1980 til rundt 2000 var Baustad Grastveit veldig av og på med denne hobbyen. Livet var travelt med tre skuleborn, jobb og aktiv i kommunepolitikken, kyrkje og bedehus. Men ein telefon frå ein ukjend tremenning sette henne på sporet igjen.

I 2002 var boka om «Berta og Mathias på Kvam og etterkomarane deira» ferdig. I 2014 kom boka om «Gudmund Landråk – Skipper med gullband». Og no, snart klar for trykk; «Slekta etter Lisabeth og Ole Økland» som er på heile 266 sider.

Kjekk hobby

Bokutgivaren fortel ho er veldig nysgjerrig på korleis folk var og hadde det før i tida.

– Eg høyrer ofte at eg kjem for seint, du skulle spurt om dette for 30-40 år sidan, men då var eg ikkje gammal nok til å kunna stilla dei viktige og riktige spørsmåla. No skulle eg ønska eg hadde kjent bestemødrene mine betre, det er så mykje eg skulle spurt dei om, seier Bjørg Marit Baustad Grastveit som er nokså viss på at bestemora på Økland var eit veldig fint menneske.

Hobbyen gir henne mykje energi, og var godt å gripa fatt i då ho vart sett ut av arbeidslivet i 2010.

– Det fortel meg at det er utruleg viktig å ha noko å gjera når dagane ikkje alltid er gode. Ei anna drivkraft er å leita etter noko som synest umogleg, men som til slutt lukkast, seier ho.

Sterke opplevingar

Ifølgje slektsgranskaren er det mange ting som har gjort inntrykk, mange tårer er felt, og fleire jubelrop har runga, og ført til at ho har snakka høgt med seg sjølv i pur glede.

– Det største og verste var då eg fann at tvillingbror til bestemor, Johan, vart drepen av toget i Rhame, Nord Dakota, i 1911, berre 27 år gammal. Han hadde nettopp kome til området, fått seg jord og arbeida på jernbanen for å tena pengar til å bygga opp garden. Eg tenkjer enda på korleis det måtte vera for bestemor å få denne beskjeden om tvillingbror sin. Han er forresten fødd dagen før henne.

Ei anna sterk oppleving hadde ho på Utvandrersenteret i Stavanger. Etter å ha leita i årevis etter to av brørne til oldemora, kom det fram at dei hadde reist til Amerika, og at far deira hadde etterlyst sønene gjennom Frelsesarmeen og Raudekrossen utan hell. Men Baustad Grastveit gav seg ikkje, og ein dag ho hadde ærend på Utvandresenteret, spurde ho nærast ut i lufta kva ein skulle gjera når alle hjelpemiddel og vegar var brukte.

– Vedkomande byrja å tasta på tastasturet, og resultatet lét ikkje venta på seg. Han fann ein av dei. Eg nærast sveva ut av dørane, skunda meg heim og fortsette søket, minnast Baustad Grastveit.

Kortversjonen vidare var at ein bibliotek-tilsett i Juneau fann avisartiklar og informasjon, og at dei etterlyste Topnes-gutane hadde opphalde seg på eit hotell i Seattle, men at dei høyrde heime i Juneau i Alaska. Den eine hadde vore laksefiskar, den andre hadde eigd ein lastebåt. Dei budde saman og var ugifte begge.

– Eg fann dei nøyaktig 100 år etter at far deira hadde prøvd å finna dei. Takka vera internett og ein hjelpsam mann på biblioteket. Eg drøymer om eit cruise til Alaska for å sjå staden, seier Baustad Grastveit begeistra.

Skrivekløe

Med litt teknisk hjelp frå ei dyktig svigerdotter, har ho gjort det meste sjølv etter instruksjon frå trykkeriet. No er det like før boka går i trykken, og alt no kvernar hjernen til utgivaren på kva bok ho skal skriva etterpå.

– Kanskje eg skal skriva om farfaren min eller byrja på slekta til mannen min? Sikkert er det at eg har arbeid langt inn i pensjonistalder. Det gler eg meg til, ler Bjørg Marit Baustad Grastveit.

Powered by Labrador CMS