nyhende
I fjor hadde sju av ti unge sommarjobb
Eit fleiretal av ungdommar mellom 15 og 24 år hadde sommarjobb i fjor. Det kan vere meir utfordrande å få seg jobb i år.
Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det er store skilnader innanfor aldersgruppa 15–24 år med tanke på kva erfaringar og jobbmoglegheiter dei har, skriv SSB på nettsidene sine.
Det har gjort at SSB har valt å dele gruppa i to, dei over og under 20 år.
Ifølgje SSB har det frå 2021 til 2023 vore ein auke blant dei yngste av dei med sommarjobb. Det vil seie dei i alderen 15 til 19 år som jobbar i løpet av sommarmånadane juni, juli og august. Det ser ut som veksten etter kvart har stagnert, og i 2023 og 2024 var det om lag like mange av dei yngste som jobba, altså i underkant av 60 prosent.
– 2024 var eit gunstig år å kome seg inn på arbeidsmarknaden, med låg arbeidsløyse og høg etterspurnad etter arbeidskraft. Mykje tyder på at det kan bli noko vanskelegare å få jobb i år, seier Stine Bakke, seniorrådgjevar i SSB.
Mellom anna var det i første kvartal i 2025 over 10.000 ledige stillingar innanfor varehandel, der det brukar å vere mange sommarjobbar. Det er høvesvis 2000 og 8700 færre ledige stillingar i denne næringa enn på same tid i 2024 og 2023, ifølgje SSBs statistikk over ledige stillingar.
Varehandel er populært blant unge som jobbar om sommaren. I tillegg er det mange som jobbar innan overnatting og servering, og helse- og sosialtenester. Nesten 1 av 3 lønnstakarar under 20 år har butikkjobb.
I den yngste aldersgruppa var gjennomsnittleg timeløn på 165 kroner, medan i aldersgruppa over 20 år låg løna på 232 kroner timen. Dette svarar til ein auke på fem prosent samanlikna med året før.