nyhende

Det skjer flest sykkeltjuveri i april og mai. I fjor vart det meldt om nesten 15.000 stolne syklar. FOTO: BERIT ROALD / NTB / NPKFoto: Berit Roald / NTB
Det skjer flest sykkeltjuveri i april og mai. I fjor vart det meldt om nesten 15.000 stolne syklar.

I fjor forsvann syklar for 155 millionar kroner

No er det høgsesong for sykkeltjuveri. I fjor kosta sykkeltjuveri i Noreg 155 millionar kroner. Det er ein auke på 19 prosent frå året før, viser nye tal. Flest syklar blir stolne i april og mai.

Publisert Sist oppdatert

I fjor vart det meldt om 14.853 stolne syklar, ein auke på åtte prosent. Tala kjem frå Finans Norge, opplyser Frende Forsikring.

— Berre eit av fire sykkeltjuveri blir politimelde. I tillegg har mange ein eigendel på forsikringa si som er høgare enn det sykkelen er verd, slik at tjuveriet ikkje blir meldt til oss. Då seier det seg sjølv at mange tjuveri ikkje blir registrerte, seier produktsjef i Frende Forsikring, Øystein Øren.

Tala viser at det skjer flest sykkeltjuveri i april og mai, som betyr at vi no er inne i høgsesongen til sykkeltjuveria. Utan god lås eller innandørs parkering heile året gjer du jobben lett for tjuvane.

— Syklar kostar mykje pengar, og tjuvane veit kva dei skal sjå etter. Det er dei dyre syklane som ryk først og det viser seg også i erstatningane vi betaler ut. I snitt kostar kvart sykkeltjuveri vi betaler for 16.000 kroner, seier Øren.

For å minske faren for å få sykkelen stole kan det vere lurt å merke sykkelen tydeleg, bruke forsikringsgodkjent sykkellås og bruke ein ekstra lås til å låse framhjulet.

Powered by Labrador CMS