nyhende

Mange nordmenn svarar at dei vert sinte og stressa om dei møter på uventa kø i trafikken. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK
Mange nordmenn svarar at dei vert sinte og stressa om dei møter på uventa kø i trafikken.

I desse fylka finn du dei mest tolmodige sjåførane

1000 nordmenn har svara på korleis dei reagerer på uventa bilkø. Nokre vert sinte og stressa, andre vil prøve å snike seg fram. Og her er fylkesforskjellane store.

Publisert Sist oppdatert

– I snitt seier 1 av 5 at dei stressar i kø eller prøvar å snike. Det betyr at 20 prosent har kortare veg til dårlegare avgjersler i trafikken. Ein sjåfør som er stressa eller sur, er ofte ein uoppmerksam sjåfør, seier fagsjef i Frende forsikring Roger Ytre-hauge.

Så mange vert oppkava eller prøver å snike i kvart fylke:

  1. Finnmark: 34 prosent
  2. Rogaland: 28 prosent
  3. Buskerud: 26 prosent
  4. Vestland: 22 prosent
  5. Troms: 21 prosent
  6. Innlandet: 20 prosent
  7. Oslo: 20 prosent
  8. Vestfold: 19 prosent
  9. Akershus: 19 prosent
  10. Agder: 17 prosent
  11. Trøndelag: 17 prosent
  12. Østfold: 16 prosent
  13. Telemark: 14 prosent
  14. Nordland: 11 prosent
  15. Møre og Romsdal: 9 prosent

– Det som overraskar meg mest er fylka i botnen. At folk i Nordland og på mørekysten er så sindige, ante eg ikkje, seier Ytre-Hauge.

To typiske kø-ulykker viser seg i skadestatistikken; påkøyringar bakfrå og forbikøyringskollisjonar. I 2024 var det meir enn 46.000 påkøyringar bakfrå, medan talet på uhell i samband med forbikøyring låg på rett over 13.000.

– Totalt kosta desse ulykkene 1,8 milliardar kroner. 1,4 milliardar av desse gjekk til påkøyringar bakfrå. Dette er gjerne ulykker i låg fart, men dei kostar enormt mykje, seier Ytre-Hauge.

Powered by Labrador CMS