nyhende

Du har alltid ansvar for sjølv å vurdera om det er trygt å fyra bål, og å ha vatn eller andre sløkkemidlar tilgjengeleg.Foto John Petter Nordbø / Norsk Friluftsliv
Du har alltid ansvar for sjølv å vurdera om det er trygt å fyra bål, og å ha vatn eller andre sløkkemidlar tilgjengeleg.Foto John Petter Nordbø / Norsk Friluftsliv

I dag trer det generelle bålforbodet i kraft

Frå 15. april til 15. september er det generelt forbod mot open eld i skog og anna utmark i Noreg, med unntak av på godkjente bålplassar.

Publisert Sist oppdatert

Under bålforbodet er hovudregelen at du ikkje har lov til å tenna bål, bålpanner, bruka eingongsgrill eller annan open eld, i utmark. Forbodet gjeld all utmark, som skog, fjell, myr og kystområde.

I svært tørre periodar med stor brannfare kan det innførast både nasjonale og lokale totalforbod mot bålbrenning. Du bør difor alltid sjekka kommune sine nettsider for lokale reglar.

Kaffibål i fjæra

Haugesund har utvida bålforbod, medan det generell bålforbodet gjeld i i Sveio. I år fell også bålforbodet saman med påsken, og betyr det at ein ikkje kan grilla påskepølser i år? Me har spurt brannsjef i Haugesund, Synne Vassbrekke, om gode råd.

– Det generelle bålforbodet gjeld over heile landet, og det vil seia at det ikkje er lov å tenna bål eller grilla i skog og anna utmark. Noreg er så forskjellig, og eit kaffibål i fjæra godt unna brennbart materiale, eller grilling på tilrettelagte plassar, kan ein gjera. Men det er viktig å understreka at tenner du bål eller grillar, er det alltid ditt ansvar å sørga for at det er forsvarleg, seier Vassbrekke.

I eigen hage

Bål og grilling i eigen hage er lov, men du må alltid hugsa å vera forsiktig, ansvarsfull og vera sikker på at bål og grill er sløkt før du forlet staden. Vassbrekke trekk også fram bruk av eingongsgrillar.

– Hugs at den må stå på materiale som ikkje er brennbart og i god avstand til område som er brennbare. Du må sørga for å sløkka den heilt og ta den med deg. Gjengløymte eingongsgrillar kan vera ein brannfare sjølv om det ser ut som dei er sløkt.

Bålforbodet opnar opp for å fyra bål der det heilt tydeleg ikkje kan medføra brann. For eksempel der det fortsatt ligg mykje snø eller om det har regna over ein lengre periode.

Tips til trygg bålbrenning

Elles tipsar Vassbrekke om Sikker kvardag sine tips om bålbrenning:

  • Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold.
  • Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for branntryggleiken.
  • Det bør vera ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet.
  • Bålet må vera i god avstand fra bysetnad og vegetasjon.
  • Det er ikkje lov å brenna bål på svaberg.
  • Bålet må ikkje vera større enn at du har kontroll på det og kan sløkka ved behov.
  • Ha eigna sløkkemidlar lett tilgjengeleg.
  • Det er forbode å brenna plast, bygningsmaterialer og annen søppel.
  • Når du forlet bålplassen skal bålet vera heilt sløkt.

Flest brannar under bålforbodet

Ifølge tall fra Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) var det 771 skog- og grasbrannar i Noreg i fjor. Heile 600 av brannane skjedde under bålforbodet.

– I år er det Friluftslivets år og me er ekstra mange som er ute i naturen. Då er det desto meir viktig at me alle tar ansvar for eigen tur og respekterer bålforbodet, slik at me ikke skaper farlege situasjonar for oss sjølve, andre og naturen, seier Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

Ho tipsar om at du på DNT sin UT-app og på UT.no kan finna etablerte bålplasser på kartet ved å filtrera på «godkjente bålplasser» under turmål. I tillegg pleier ofte kommunane å ha oversikt over sine bålplassar på eigne nettsider.

Powered by Labrador CMS