nyhende

Klokka 12 for eitt år sidan vart det også sendt nødvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg testa over heile Noreg. Onsdag blir det ny, felles nasjonal varslingsprøve. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB/ NPK
Klokka 12 for eitt år sidan vart det også sendt nødvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg testa over heile Noreg. Onsdag blir det ny, felles nasjonal varslingsprøve.

I dag testar politiet og Sivilforsvaret nødvarsel over heile landet

Onsdag mellom 11.55 og 12.10 vil mobilar i Noreg vibrere og spele av ein høg, sireneaktig lyd i ti sekund. Samtidig blir Sivilforsvarets varslingsanlegg testa.

Publisert Sist oppdatert

Politiet og Sivilforsvaret køyrer ei felles nasjonal varslingsprøve, opplyser dei på Nødvarsel. Medan mobilane vibrerer og speler av sirena si, vil Sivilforsvaret køyre tyfonane med signalet «Viktig melding – søk informasjon».

– Både styresmakter, næringsliv og innbyggjarar må vere førebudde på alvorlege hendingar, også at krig kan ramme. Varslingsprøver er ein viktig del av den nasjonale beredskapen. Eit velfungerande system for å nå befolkninga kjapt og effektivt er ein føresetnad for også å kunne verne menneske og samfunn i krise og krig, seier Elisabeth Aarsæther, direktør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Om ein ikkje ønskjer å få varselet, må ein slå av telefonen eller setje han i flymodus frå klokka 11.55 til 12.15 onsdag.

Slike varslingsprøver er gjorde fire gonger tidlegare. I tillegg har politiet brukt nødvarsel ved fleire reelle hendingar sidan systemet vart klart til bruk i byrjinga av 2023.

Powered by Labrador CMS