nyhende

Petter Steen jr. er folkehelsekoordinator i Sveio kommune.ARKIVFOTO: KARI NILSDATTER HAUKÅS
Petter Steen jr. er folkehelsekoordinator i Sveio kommune.

I dag kan mange i Sveio få ein viktig SMS

Frå og med i dag og fram til 9. mai skal folkehelsa til ibuarar i Vestland kartleggjast, kommune for kommune. Resultata blir viktige for kommunane sitt arbeid i åra som kjem.

Publisert Sist oppdatert

Også mange sveibuar vil bli kontakta via SMS eller e-post med ei oppmoding om å delta. Desse er trekte ut som ein del av eit representativt utval av ibuarane i kommunen.

— Undersøkinga er heilt anonym, presiserer folkehelsekoordinator Petter Steen jr. i Sveio kommune.

Viktig verktøy

Han seier at undersøkinga vil gje eit godt bilde på korleis stoda er for folkehelsa i kommunane.

Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, og i samarbeid med kommunane.

— Spørsmåla i undersøkinga er relevante både for folkehelsearbeidet i Sveio og for drift og planlegging innanfor ei rekkje av kommunen sine ansvarsområde, som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet, seier Steen.

Han understrekar verdien av at folk deltek i slike undersøkingar, og viser til at det er viktige styringsverktøy for kommunen.

Han viser til dømes til tidlegare kartleggingar av mellom anna lesedugleikar og barnefattigdom. Då dei vart gjennomførte for nokre år sidan, viste dei at Sveio scora under gjennomsnittet. Etter dette har kommunen jobba målretta med utfordringane sine på desse felta, og dei har oppnådd gode resultat.

Daglege vanar

Spørsmåla i denne runden handlar mellom anna om nærmiljø, helse- og sosialrelaterte levevanar og transportvanar.

— Faktorar som til sjuande og sist skal fortelje noko om kor godt du har det i livet, seier han.

Resultata av undersøkinga vil gje både byråkratar og til sjuande og sist dei folkevalde eit kvalifisert grunnlag for å ta sine standpunkt, seier Steen.

Powered by Labrador CMS