nyhende
I dag kan du mogelegvis sjå desse på himmelen
Desse skyene er ikkje vanleg kost, men kan vera å sjå under riktige forhold. I dag er nokre synlege over Sveio.
Perlemorskyer er å sjå på himmelen i dag. Det skuldast sterke luftstraumar om vinteren, og er sjeldan å sjå lengre sør eller nord enn 60 breiddegradar på kvar si side av jordkloden.
Dei vert danna i ei høgde dobbelt så høg som vanlege skyer, og ligg difor ein stad mellom 20 til 30 kilometer over bakken.
Årsaka til dei flotte fargane i perlemorskyer er at dei består av iskrystallar. Då vert solstrålane bøygde på veg gjennom skya grunna iskrystallane og gjev meir farge.