nyhende

Haugaland brann og redning iks lyngbrenning
Det er varsla stor skogbrannfare på Vestlandet. Bildet er frå ei kontrollert lyngbrenning ved Ryvarden.

I dag blir det mykje røyk ved Ryvarden

Publisert Sist oppdatert

Brannvesenet skal måndag ettermiddag gjennomføre ei større lyngbrannøving i området Landsåt, mellom Lyngholmen og Ryvarden.

Stien frå Lyngholmen til Ryvarden kan ikkje nyttast, grunna øvringa.

Øvinga startar om lag klokka 15.30 og ein planlegg å svi av 250 dekar med kratt og lyng.

Det vil bli ein del røyk frå området i tidsrommet 15.30 til 18.30, melder Sveio kommune på si nettside.

Powered by Labrador CMS