nyhende

I år er det fare for museinvasjon

I år tyder mykje på at det er ein stor musebestand ute i naturen. Då kallar vi det eit museår. No i haust vil dei inn til deg og frå no og fram til januar er det høgsesong.

Publisert Sist oppdatert

– No som det blir kaldare i vêret søkjer dei inn i varmen og då er hus, hytter, buer og garasjar perfekte mål. Då har du som eigar ei viktig rolle for ikkje å invitere dei inn på middag og overnatting. Dessverre er det mange som gjer det, heilt uvitande, seier Øystein Øren i Frende i ei pressemelding.

Totalt registrerte Norsk Hussopp Forsikring rundt 2.500 saker med mus og rotter i norske hus og hytter i fjor. Det er mellom seks og sju saker melde inn til norske forsikringsselskap kvar einaste dag.

Det skal ikkje store sprekken til for at musene klarer å snike seg inn. Når du først har fått dei på besøk kan dei gjere stor skade.

– I snitt kostar eit angrep frå skadedyr 60.000 kroner. Dei verste skadane kostar fleire millionar å utbetre, fortel Øren.

Powered by Labrador CMS