nyhende
Huset og hagen til familien Iversen Walkosz lyser opp på Tittelsnes
Huset i Eidsvågvegen har vore både postkontor og telefonsentral før i tida. I moderne tid er det julestemninga huset og hagen er kjend for, til glede for familien som bur der – og forbipasserande.
Familien Iversen Walkosz har hatt utebelysning så lenge dei har budd på Tittelsnes, og med åra kjem det stadig nye dekorasjonar og idear.
– Det begynte med eit par lys, og så har det gått denne vegen. Det er enda kjekkare no når ungane er større, seier Dawid Walkosz. Det er han som går i bresjen for familieprosjektet. Det blir laga til fine grupper rundt om i hagen, på huset, i tre, på garasjen, hagestova, leikehytta – kor enn det er naturleg å lysa opp – utan at det blir for jålete.
Litt nytt kvart år
Kvart år blir det kjøpt litt nytt utstyr. Noko må også skiftast ut grunna slitasje, for det er ikkje alle lysslynger som vil livna til år etter år.
– Pappa måtte opp med nye lys i dette treet her i år, forklarar sonen Oliver, og peiker på eit stort tre. Noko av pynten blir nemleg hengande heile året, då må ein rekna med litt svinn.
7-åringen og litlesøstera Sofie (4) viser gjerne fram kva som finst i hagen. Hans favoritt er dei fargerike lyslenkene som strekk seg opp mot flagstonga og dannar eit juletre, med stjerne på toppen.
Legg turen forbi
– Me har som mål å vera klar til 1. søndag i advent. Tidlegare har me invitert folk på besøk når me har tent lysa, men ikkje i år, fortel Solveig Høgås Iversen.
Familien legg merke til at folk finn glede i å leggja turen forbi huset, anten til fots eller med bil, det synest dei er kjekt.
– Me merkar det nokon køyrer litt seint forbi. Det er mørkt her ute, det er kjekt å lysa opp kvardagen, smiler familiefaren.
– Ein venn har sagt at me sikkert har mest lyst på heile Tittelsnes, seier Oliver. Det kan nok vera mykje sant i det.