nyhende

Marco Thomas ivrar for eit levande kulturliv, og det var han som skipa Valestrand kulturfestival. For den innsatsen meinte Vestavind sine lesarar at han fortente avisa sin sommarbukett i 2022 .

Marco Thomas ny sjef på Moster Amfi

1. mai tek Marco Thomas over som ny dagleg leiar i Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter. Han var ein av fem søkarar til stillinga.

– Marco Thomas er ein strategisk leiar, rådgjevar og kulturformidlar med over 20 års erfaring innan organisasjonsutvikling, leiing, pedagogikk og scenekunst, skriv styreleiar Arild Steinsland i ei pressemelding 

Thomas har også brei erfaring frå kultursektor, undervisning, næringsliv og offentleg samarbeid, nasjonalt og internasjonalt. Mange sveibuar kjenner han som leiar for teatergruppa TeARTtig og deira oppsettingar. Sist suksessen «Å, for en elsker!» i Ørevik grendahus.

– Styret ser fram til å vidareutvikla Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter i tett samarbeid med dei tilsette og den nye daglege leiaren, seier Steinsland vidare.

Ser fram til å læra nye ting

– Kva var det som fekk deg til å søka?

– Ein kombinasjon av mange ting. Eg har drive med mykje forskjellig, mellom anna undervisning i over 20 år. Akkurat no har eg eit halvt års permisjon frå kulturskulen på Bømlo for å jobba med bedriftskundar og har vore ein del i Tyskland. Og så blir eg 50. Dette sette i sving tankar om det eg held på med no er det eg skal gjera resten av livet. Og då stillinga blei lyst ut tenkte eg at dette er perfekt for meg. Her får eg bruk for mykje av det eg kan, samstundes som eg ser fram til å læra nye ting.

Meir aktivitet i vinterhalvåret

Moster Amfi har hatt stengde dører sidan januar, og held stengt til 30. april. Dei tilsette er også permitterte. Årsaka er krevjande økonomi.

– Det er avgrensa ressursar, og det må me ta omsyn til det. Det blir gjort veldig mykje bra, og eg gler meg til å bli kjent med dei tilsette og læra av dei. Utfordringa ligg i vinterhalvåret. Me må begynna derfrå, og målet er å få til meir aktivitet som gir inntekter når turistane ikkje er her, seier Thomas.

Held fram med å pendla til Bømlo

Marco er opphavleg storbygut, frå Mülheim an der Ruhr. Kona kjem frå landsbygda i Bayern. Dei kom til Noreg i 2009, og budde først på Fosen i Karmøy. Men i 2013 kjøpte dei hus på Ulveraker, nesten vegg i vegg med Valestrand kyrkje. Her vil familien halda fram med å bu.

– Me trivst veldig godt, og dei tre ungane våre går på skule her. For meg blir det uansett ikkje så stor endring i arbeidsvegen. Det er kortare til Moster enn til Bremnes. På kulturskulen skjer også mykje på ettermiddag og kveld, så no kjem familien til å sjå meir til meg på kveldstid når det er vanlege arbeidsdagar. Så blir det sjølvsagt ein del kveldsjobbing rundt arrangement.

Både styreleiar og dagleg leiar frå Sveio

– Arild Steinland er styreleiar, og du ny dagleg leiar. Eit aldri så lite Sveio-kupp på Bømlo?

– Det kan du kanskje seia, ler Thomas.

– Moster Amfi har lenge samarbeidd med ulike sveibuar. Eg kjem til å bruka mine mange kontaktar i Sveio, også TeARTig, i arbeidet framover. Det er mange veldig kreative folk i Sveio, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS