nyhende
Ups! Me har bomma på datoen
Då årets store påskeavis gjekk i trykken, gledde me oss både til påsken og alle løysingane som kom inn på kryssordet. Og det kom mange!
Vinnarane er trekte og blir kunngjort i avisa i morgon, torsdag, men me får framleis inn svar. Mysteriet har følgande løysing: fristen for innsending blei ved ein inkurie den same som fjorårets påskeavis.
Sidan dette er vår feil, trekker me ein ekstra vinnar blant dei som sender inn fram til 21. april. Premien er eit par Vestavind-solbriller.