nyhende

I mars vart det sett ei rekke varmerekordar. Mellom anna kunne osloborgarar kose seg med godvêr i påska, og desse damene tok seg eit bad på Sørenga. Frå venstre: Anna Aamo, Karoline Aamo, Live Aamo og Mina Bjone.

Ny varmerekord i mars

Månaden som gjekk, var den varmaste marsmånaden som er registrert, opplyser Meteorologisk institutt. Den gamle rekorden vart slått med 0,6 grader.

Publisert

– Som regel blir temperaturrekordar slått med små marginar. At ein månadsrekord for temperaturen i heile Noreg blir slått med 0,6 grader, er overraskande mykje, seier Hans Olav Hygen, klimaforskar ved Meteorologisk institutt i ei pressemelding.

Landstemperaturen i mars enda 3,9 grader over det som er normalen i dagens klima. Den gamle rekorden er frå 2012. Då enda mars 3,3 grader over normalen.

Ny regionrekord i Vestland

Over 100 av Meteorologisk institutts stasjonar sette ny rekord for varmaste mars. Fleire av stasjonane har meir enn 100 år med målingar. Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg sette ny regionrekord for varmaste mars.

– Varmerekorden understrekar endå ein gong at klimaendringane skjer her og no. Det viktigaste vi gjer for å avgrense klimaendringane, er å kutte utsleppa, både internasjonalt og i Noreg. Samtidig må vi førebu oss på meir ekstremvêr, som «Dave» som vi såg i helga, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i ein kommentar til NTB.

Uvanleg vått

Det var også uvanleg vått i mars. På landsbasis fall det 20 prosent meir nedbør enn normalt, og månaden vart, saman med 1999, den 15. våtaste marsmånaden som er registrert i måleserien som går tilbake til 1901. Spesielt i delar av Nordland og Finnmark var det ekstremt vått.

Powered by Labrador CMS