nyhende

Hurra, no er ny føyse komen!

Valevågbebuaren som tipsa om roten føyse fekk onsdag grunn til å smila. Då kom Lek og Park og sette opp ny ei splitter ny.

Publisert Sist oppdatert

Saka om føysa på leikeplassen i Valevåg har vart ei stund. Først kom ein bebuar med bekymringsmelding om tilstanden på føysa. Mykje rote var å sjå og kjenna, om ein tok fingrane borti føysa.

Kommunen lova å gjera noko med saka i sommar, og fekk henta vekk den farlege føysa etter nokre veker.

Då ei ny føyse lot venta på seg kom bebuaren med ei etterlysning. Kommunen svara at dei ikkje var sikker på når dei kunne erstatta den, grunna omsyn til avgrensa ressursar, nemleg økonomi og mannskap.

Onsdag fekk bebuaren ei gledeleg overrasking: erstatningsføysa var på veg.

– Skryt til kommunen. På vegne av alle brukarane av leikeplassen i Valevåg vil eg takka Sveio kommune for ny føyse, seier bebuaren til Vestavind.

Powered by Labrador CMS