nyhende

Påskeeggjakt Ryvarden 2

Hundrevis tok turen til Ryvarden

Den tradisjonsrike eggjakta på Ryvarden gav påskehøgtida 2022 ein solid pangstart.

Publisert Sist oppdatert

(Sjå bilete nedst i saka)

Ein trong ikkje reisa lenger enn til parkeringsplassen i Mølstrevåg for å skjøna at noko var på ferde på Ryvarden denne palmesundagen.

Idet Vestavind sin utsending var komen opp til det omtykte kulturfyret, bles det så kraftig at folk så vidt klarte å stå oppreiste.

Ikkje utan grunn gjekk dei fleste nokså vintersleg kledde; med huer, skjerf og vottar, medan borna stort sett var ikledde kjeledress.

Hundrevis av påskestemte menneske i alle aldrar tok turen for å nyta påskesola, men det er ingen tvil om at barnefamiliane var i fleirtal. Ikkje berre sveibuane var på plass, men òg folk frå andre delar av Sunnhordland og Haugalandet.

Glade og ivrige born sprang rundt i terrenget for å leita etter hardkokte høneegg og levera dei til påskeharane. Ungane fekk deretter velja seg ein liten premie frå gåvekorga.

Fleire familiar sette seg ned i terrenget og åt nista si medan dei synfór utsikta til havgapet. Andre søkte ly for vindkasta inni kaféen. Der kunne ein få tak i kvikklunsj, vaflar, pølser i brød og noko varmt i koppen.

Eit høgt aktivitetsnivå på Ryvarden i dag.
I denne samlinga av påskeliljer skimtar ein eitt av dei 300 hardkokte egga som var plasserte i terrenget.
Sofie Våge (13) og Linnea Sveien (16) deler ut premiar til borna som har funne dei gøymde høneegga.
Ein av familiane som oppheldt seg på Ryvarden denne palmesundagen, kjem frå Haugesund. Dei to små jentene smilte og sa at dei gledde seg til å leita etter egg. F.v.: Erling Solvang Johnsen, Eline Bærøy (5), Ida Johnsen (3) og Solveig Bærøy.
Åshild Håvås og ungane Markus Håvås Dvergsnes (4) og Malin Håvås Dvergsnes (10). Dei kjem frå Tysvær, men har hytte i Sveio. Markus og Malin hadde allereie funne egg og fått premie då Vestavind snakka med dei.
Denne gjengen, som held til på Bømlo, deltok i eggjakta på Ryvarden. Foreldreparet Ida Asmussen frå Trondheim og Thomas Kallevåg frå Bømlo hadde med seg sønene Konrad (2) og Ulrik (4 mnd.). Konrad fann eit egg og valde seg ein ballong i premie.
Òg sjølvaste varaordføraren Ruth Grethe Østebøvik Eriksen deltok i tilstellinga på Ryvarden. Ho hadde teke på seg påskehareøyro og sytte for at folket kunne forsyna seg med nysteikte vaflar.
Kvikklunsj, vaflar, kakao og kaffi kunne kjøpast under dagens hending på Ryvarden.
Kulturfyrvaktaren Gunn Bente Håvardsholm.
Folk på jakt etter høneegg.
Somme sat og åt nista si, medan andre leita etter egg.
Powered by Labrador CMS