nyhende

I Noreg er lærarar blant yrkesgruppene som i størst grad rapporterer om inneklimaproblem på jobben. Ein ny rapport viser at over 800 skulebygg har så store avvik på ventilasjonssystemet at det påverkar inneklimaet i negativ retning. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
I Noreg er lærarar blant yrkesgruppene som i størst grad rapporterer om inneklimaproblem på jobben. Ein ny rapport viser at over 800 skulebygg har så store avvik på ventilasjonssystemet at det påverkar inneklimaet i negativ retning.

Hundrevis av skulebygg har store manglar i ventilasjonsanlegget

Over 800 skulebygg har store eller alvorlege avvik på ventilasjonssystemet slik at det påverkar inneklimaet i negativ retning, ifølgje ein ny rapport.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Ein rapport frå Multiconsult viser at heile 14 prosent av skulebygga, det vil seie over 800 bygg, har store eller alvorlege avvik på ventilasjonssystemet, skriv Utdanningsnytt.

Det vil seie at dei anten manglar fullstendig ventilasjonsanlegg, eller at dei har anlegg mest sannsynleg for funksjonssvikt og krav til utskifting innan fem år.

Det inneber at over 13.000 lærarar og 110.000 elevar kvar einaste dag bruker time etter time i klasserom med dårleg ventilasjon og dårleg luft.

I tillegg har 31 prosent til, det vil seie over 1.800 bygg, vesentlege avvik og utilfredsstillande tilstand.

I Noreg er lærarar blant yrkesgruppene som i størst grad rapporterer om inneklimaproblem på jobben, viser tal frå Statens arbeidsmiljøinstitutt.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS