nyhende
Hundrevis av hundreåringar i Vestland og Oslo – ein i Sveio
Korleis kan det ha seg at meir enn dobbelt så mange lever til dei blir over hundre år i Vestland, Telemark og Oslo enn det innbyggjarane i Finnmark og Akershus gjer?
Det er skrive mykje om dei fem såkalla blå sonene i verda – regionane der ein meiner å ha funne høgast tettleik av hundreåringar. Noreg er ikkje blant dei, men også her heime finst det område som skil seg klart ut med oppsiktsvekkjande mykje større andel personar som lever til dei blir hundre år eller meir.
I Sveio er det ei som høyrer til i aldersgruppa 100 år eller eldre: Rikka Ramsdal i Valevåg. Ho runda 100 år 7. mars i år, og Vestavind kunne fortelja om ei særdels oppegåande dame:
Dobbelt så mange
I 2023 var forventa levetid for norske menn 81,39 år og 84,63 for kvinner. Ved starten på dette året levde det 1.262 personar i Noreg som hadde fylt hundre år eller meir. Statistisk sentralbyrå (SSB) har på oppmoding frå Nynorsk pressekontor funne fram til kor mange prosent dei eldste utgjorde av befolkninga i kvart fylke.
Statistikken syner at Telemark hadde 35 hundreåringar eller eldre per 100.000 innbyggjarar. Vestland følgde like etter med 32,4 og Oslo med 32,3.
I den heilt andre enden av skalaen finn me Finnmark, som hadde 13,3 hundreåringar eller eldre per 100.000 innbyggjarar. Akershus hadde nest færrast blant fylka, med 14,8 hundreåringar per 100.00.
Ikkje overraskande
Demograf Vegard Skirbekk ved FHI synest tala me legg fram er svært interessante, men er likevel ikkje overraska over funna:
– Tala viser store skilnader mellom fylka, og dette er viktige ting å følgje opp. Frå før veit me at det er store forskjellar i levealder også mellom kommunane. Frå 2008 til 2022 hadde til dømes Hemsedal den høgaste periodelevealderen i landet med 84,7 år, mot Hasvik kommune som hadde den lågaste levealderen i same periode med 77,3 år, seier han.
Heller ikkje professor emerita ved Universitetet i Bergen, Anette Hylen Ranhoff, lèt seg forbause over statistikken. Ho er overlege i geriatri ved Diakonhjemmet sjukehus og jobbar også som seniorforskar ved Folkehelseinstituttet:
Levekår, livsstil og helsetenester
– Variasjon i levealder er velkjend og eit mønster vi har sett lenge. Det som kanskje er litt nytt er at Oslo kjem så godt ut i høve til hundreåringar og eldre. Me veit det er store variasjonar i snittlevealder i Oslo – der indre Oslo aust har komme dårlegast ut og Oslo vest best ut. Det har nok mykje med levekår og livsstil å gjere, men kan òg henge saman med betre bruk av helsetenester. Me må samanlikne bydelane for å få eit rett bilete, seier Ranhoff.
Ho peiker samstundes på at Finnmark, som har den lågaste delen av hundreåringar og eldre, også historisk sett har hatt låg gjennomsnittleg levealder og høg dødelegheit grunna hjarte-kar sjukdommar.
– For Vestlandet og Telemark sin del er det nærliggjande å tenkje at fysisk aktivitet, sunt kosthald, gode familierelasjonar og færre skilsmisser medverkar til fleire hundreåringar. Oslo har på si side område med svært høg utdanning og god økonomi. Det kan bidra til sunnare livsstil og god bruk av helsetenester – og fleire hundreåringar.
Tal over tid
I tillegg til at arv og genar spelar ei rolle, viser både Skirbekk og Ranhoff til den store mengda internasjonal forsking som syner at stor grad av fysisk, psykisk og sosial aktivitet påverkar levealderen positivt. Tilgang til gode og velfungerande helsetenester slår og ut på plussida, til liks med fråvær av sigarettrøyking og låg eller moderat bruk av alkohol.
Dødelegheit heng òg saman med kor høg utdanning og inntekt folk har. Samstundes kan auka velstand òg føre til at folk adopterer nye og meir usunne vanar som høgare alkohol- og sukkerinntak. Dei rike er òg meir utsette for smittsame sjukdomar, påpeiker Vegard Skirbekk.
– Kommunane me såg at hadde høg periodisk levealder var ikkje spesielt rike, men hadde fellestrekk som gode sosiale forhold der innbyggjarane kjente på tilhøyrsel og støtte frå andre. Innbyggjarane følgde det nasjonale vaksineprogrammet, hadde god tilgang til helsetenester og venta heller ikkje for lenge med å bruke dei. I tillegg hadde kommunane låg førekomst av lyd- og luftforureining.
Helseutviklinga til menn
Skirbekk meiner difor det er naudsynt å studere ulikskapar i levevanane til folk over ein lengre periode for å kunne slå fast kva som er grunnen til at levealderen og delen hundreåringar er høgare i somme regionar enn andre. Frå januar skal han sjølv leie eit stort europeisk forskingsprosjekt som skal studere helseutviklinga til menn over tid.
– Kulturelle faktorar og sosiale relasjonar er viktig for tilhøyrsel og meining, og kanskje har somme område i Noreg sterkare sosiale normer som gjer at fleire tek sunne val som bidreg til høgare levealder. Eg ser heller ikkje bort frå at tradisjonen med å lage mat frå botnen, i staden for å nytte mykje ultraprosessert mat, kan stå sterkare enkelte plassar og vera ei forklaring. Me veit ikkje, fordi me fram til no ikkje har hatt store nok data som har følgt folk over tid. Difor veit me heller ikkje om skilnadene alltid har vore slik, seier Skirbekk.
Hundre ikkje eit mål
Å redusere skilnadene mellom fylka, krev ikkje berre innsats hjå den einskilde innbyggjar. Uansett tiltak, vil effekten av dei dessutan la vente på seg, seier Anette Hylen Ranhoff:
– Betring av levekår frå tidleg alder, utdanning inkludert, er viktige tiltak, saman med gode helsetenester og omsorg i eldre år. Tiltaka bør først og fremst setjast inn i dei områda som har låg levealder og kjem dårleg ut på statistikken. Samstundes vil det jo ta mange år før dette viser på talet på hundreåringar.
Vegard Skirbekk meiner me alle har noko å lære av kva som kjenneteiknar livsstilen og verdiane på plassane med høg levealder. Han fortel samstundes at dei fleste av oss er meir opptekne av kor lenge me heldt oss sunne og friske, enn av kor gamle me blir.
I ein studie frå 2021 i fire land fann Skirbekk at kor lenge unge menneske faktisk ønskte å leve, hang tett saman med den subjektive helsa deira og kva for stereotypiar dei sjølv hadde om alderdom:
– Dei færraste ønskjer faktisk å leve til dei blir hundre. I snitt sa deltakarane at dei ønskte å leve i 87,43 år.
– Folk ønskjer å leve lenger – men dei vil ikkje leve evig.
Dei blå sonene i verda
Sardinia i Italia, Okinawa i Japan, Ikaría i Hellas, Loma Linda i USA og Nicoya i Costa Rica er definert som blå soner og dei regionane i verda med høgast tettleik av hundreåringar.
Forskarar har mellom anna trekt fram mykje naturleg fysisk aktivitet, oppleving av meining i livet, nære sosiale relasjonar, god stresshandtering og eit kosthald basert på måtehald og grønsaker og litt vin kvar dag som forklaringar på den høge levealderen.
Ifølgje Forskning.no har kritkarar mellom anna peika på at det meste av lokal fødselsregistrering på Okinawa vart øydelagd under andre verdskrigen, og at det gjer det vanskeleg å stadfeste den lange levetida i regionen. Mange av dei påståtte hundreåringane i blåsonene kan og vere døde eller ikkjeeksisterande. Somme hevdar og at økonomiske motiv, som høgare trygdeutbetalingar til eldre, i nokre tilfelle kan bidra til feilrapportering av alder.