nyhende
Hundre kilo pinnekjøt var akkurat kome i hus då meldinga kom
Midt i den travlaste tida på året for leir og juleverkstad, har Solgry ungdoms- og misjonssenter stengt ned alle sine tilbod, i første omgang ut månaden.
Hundre kilo pinnekjøt var handla inn og det meste klargjort til gjestene som skulle koma. Så kom varsel om nedstenging.
– Nedstenginga kom brått på, og førte blant anna til at me har ein del pinnekjøt til overs, fortel Inger Skumsnes, kjøkken- og reinhaldsleiar ved Solgry ungdoms- og misjonssenter. Ho hadde akkurat fått stabla kjøtet på plass i frysa, då administrasjonen sentralt varsla at alle arrangement måtte avlysast på ubestemt tid grunna koronasituasjonen.
Usikre tider
Tidlegare denne hausten har Solgry arrangert tre helgeleirar, då med 50 personar som maks grense.
– Dette er vanlegvis den travlaste tida på året hos oss, med aktivitetar nesten kvar helg fram til jul. No er det høgst usikkert kva tid me kan opna igjen. Når me ser framover er det ikkje akkurat lysning i koronasituasjonen, konstaterer Rolf Einar Amdal, dagleg leiar ved Solgry ungdoms- og misjonssenter.
Han tok over stillinga 1. mars i år etter Magnus Notland. Amdal som er frå Åkrehamn på Karmøy, har bakgrunn frå byggebransjen, men også litt erfaring frå tilsvarande drift som Solgry.
Raude tal
Amdal var heilt fersk i jobben då koronapandemien ramma Noreg i mars, og medgir at det har vore utfordrande.
– Det er vanskeleg når du ikkje veit om du skal på jobb i helga eller ikkje, og så er det ein økonomisk konsekvens; det er ikkje til å leggja skjul på at me kjem til å gå ut med raude tal i år. Koronakompensasjon vil dekka opp ein viss del, men dette året snakkar me nok om 800 000-900 000 kroner i tap.
Ny mann på laget
Ifølgje dagleg leiar har det så langt ikkje vore snakk om permitteringar. Arbeidsoppgåvene blir no retta meir mot førefallande vedlikehald. Hans Ole Strand er frå 1. november tilsett i ei nyoppretta stillinga som driftsleiar/vaktmeister.
– Dette ser eg fram til. Her får eg bruka litt av den praktiske erfaringa eg har som anleggsgartnar, i tillegg har me vakt kvar tredje helg, slik at eg reknar med å få mykje sosialt i tillegg, seier Strand. Han er godt kjent med plassen frå før, både i samband med diverse jobboppdrag på uteområdet, og familien hans har vore her på leir.
– Han er flink til litt av kvart. Me er takksame for å ha han med på laget, seier Amdal, og nikkar mot den nevenyttige sveibuen.
Solgry disponerer 23 mål eigedom, har fire bygningar (hovudhus, naust, garasjebygg og bustadhus) som skal vedlikehaldast. For tida pågår renovering av garasjeanlegget som også har ein stor ballbinge i underetasjen.