nyhende

Einstadbøvoll helselaga si jubileumsbok blir trykka hos Værøy Identitet og Profil AS i Kopervik.
Einstadbøvoll helselaga si jubileumsbok blir trykka hos Værøy Identitet og Profil AS i Kopervik.

Hundre år med helse

Einstadbøvoll helselag sine første aktive hundre år blir no dokumentert i bokform.

Publisert Sist oppdatert

– Me ser det som viktig å bevara historia, seier Torun Valen Frøkedal, opplysningsleiar i Einstadbøvoll helselag. Det er styret i helselaget som er ansvarleg for boka.

Det starta i 1921

Oppgåvene i helselaget har endra seg. Historia starta i 1921 då tuberkulose var den vanlegaste dødsårsaka i landet. Det offentlege helsetilbodet var ikkje som i dag, og det var stort behov for ein innsats mot sjukdomen.

Seinare kom nye utfordringar knyta til folkehelsa. Sjukdomar som var relaterte til folk sin aukande levealder. Nasjonalforeningen for folkehelsen er i dag interesseorganisasjon for personar med demens og deira pårørande, her har Einstadbøvoll helselag gjort ein stor innsats.

– Mange personar har vore med gjennom hundre år, og helselaget si jubileumsbok inneheld mykje faktastoff, basert på referata i lagsprotokollane. Det er også fletta inn historier som utgjer spennande bygdehistorie gjennom hundre år, opplyser Valen Frøkedal.

Bokslepp

Værøy Identitet og Profil AS på Karmøy står for trykkinga. No gjenstår det berre finpuss og korrektur igjen før den 150 sider store boka er klar.

– Me håpar på bokslepp under jubileumsfesten lørdag 2. oktober, seier Valen Frøkedal.

Powered by Labrador CMS