nyhende
Hummarfisket har starta
I går hamna teinene i sjøen, og i dag er nok mange spente på fangsten.
Torsdag 1. oktober klokka 08.00, blei det opna for å fanga hummar langs kyststrekninga frå svenskegrensa til og med Vestland fylke. Fangsttida varer til og med 30. november.
Ifølgje Fiskeridirektoratet var det torsdag ikkje mogleg å skaffa opplysningar om kor mange fritidsfiskarar frå Sveio som til no har meldt seg på årets hummarfiske, då serveren som leverer data låg nede.
Vil halda kontrollar
I ein aksjon mot ulovleg hummarfiske i Sunnhordland i 2018 vart 225 reiskap, både teiner, garn og ruser, konfiskert. Fiskeridirektoratet fryktar at mykje av hummarfisket går føre seg på svartebørsen. Det var spesielt det høge talet umerka reiskap som uroa. Etter aksjonen blei det levert inn over 20 meldingar til politiet.
– Me kontrollerer utvaldte områder både før og under hummarfisket, og Sunnhordland vil ganske sikkert bli besøkt. I tillegg vil også Kystvakta, politiet og Statens naturoppsyn driva kontroll med hummarfisket i sesongen, opplyser seniorrådgjevar Olav Lekve i Fiskeridirektoratet til Vestavind.
Pass på reglane
Dette må du passa på om du skal fiska lovleg:
• Teinene skal vera merka med namn, adresse og deltakarnummer.
• Alle teinene skal ha to fluktopningar på minst 60 mm, ein på kvar side av teina.
• Det er berre lov med 10 teiner per person og per båt (det vil seia at sjølv om det er to personar i ein båt kan ein berre ha 10 teiner).
• Minstemålet på hummaren må vera 25 cm, målt frå spissen av pannehornet til bakre kant av midtre symjelabb (halen).
• Hummar med utvendig rogn er totalfreda.
ID-merke
Fritidsfiskarar kan ikkje omsetja hummar. Som med all annan omsetnad av fisk og skaldyr, skal også hummaren omsetjast gjennom eit salslag eller ein godkjent kjøpar. Som forbrukar kan du vera trygg på at hummaren du har kjøpt er lovleg omsett dersom den har eit ID-merke. Manglar dette, er hummaren ulovleg omsett.