nyhende

Ulovleg teine med 60 millimeter fluktopning. Den skal vera minst 80 millimeter.
Ulovleg teine med 60 millimeter fluktopning. Den skal vera minst 80 millimeter.

Hummaren har også sommarferie

I år er det fleire enn vanleg som brukar sjøen til fritid og fiske. Kontrollar viser at det blir sett ein del teiner som ikkje er etter reglane. Fiskeridirektoratet minner dessutan om at hummaren er freda om sommaren.

Publisert Sist oppdatert

– Det kan dessverre sjå ut som respekt for lovar og reglar må vika plassen for lysten til å ha ein hummar på grillen, fortel inspektør Jan Brødreskift i Fiskeridirektoratet.

I ei teine med 60 millimeter fluktopning fann Fiskeridirektoratet ein rognhummar. Den er freda heile året.

Fram til 1. oktober er hummaren freda, men hummar er ei ettertrakta delikatesse og det er mange som jaktar på den. Det har ført til at bestanden lenge har vore på eit kritisk lavt nivå.

Feil fluktopning og manglande merking med namn og adresse er det som går oftast igjen når teiner blir kontrollerte. Ulovelege teiner blir beslaglagde og levert til politiet for vidare behandling.

Fluktopningar og minstemål

– Me håper at mange vi nytta mogelegheita til å koma seg på sjøen for å driva med fritidsfiske. Det er ein fantastisk fin hobby, som i tillegg kan gi gode matopplevingar. Men den som skal fiska pliktar også å setja seg inn i regelverket, seier regiondirektør Ståle Hansen.

Teiner som står i sjøen i fredingstida skal ha runde fluktopningar med 80 millimeter opning på kvar side av teina. I tillegg skal teina ha eit rømmingshol med nedbrytbar bomullstråd.

Hugs også at det er minstemål på kabben: Frå svenskegrensa til og med Rogaland er minstemålet 11 cm. I resten av landet er det 13 cm. Krabbe skal målast der skalet er breiast.

Har lansert ny app

Reglane for fritidsfiske finn du i den nye fritidsfiskeappen, som du kan lasta ned i App Store, Google Play eller på på Fiskeridirektoratet si nettside.

Har du tenkt å fiska hummar frå 1. oktober, må du registrera deg på «Min side» på fiskeridir.no.

Powered by Labrador CMS