nyhende
Opparbeiding av felt 3 i Ekrene næringspark:
HTN avviser klage frå Statsforvaltaren
Hovudutval teknisk/næring (HTN) har valt å ikkje ta til følge ein klage frå Statsforvaltaren i Vestland som gjeld vidare utvikling av Ekrene næringspark.
Vedtaket i HTN blir no sendt til Statsforvaltaren i Vestland og vidare derfrå til departementet som må oppnemna ein settestatsforvaltar til den vidare klagebehandlinga, opplyser kommunalsjef teknisk/næring Kenneth Tollefsen til Vestavind.
Han reknar med at det kan ta minst to-tre månader før settestatsforvaltaren er ferdig med klagebehandlinga.
Løyve til terrenginngrep
Saka gjeld felt 3 i Ekrene næringspark, eit område på over 100 dekar som kommunestyret har vedtatt å selja til Birkeland AS for vidare utvikling. Salet er ikkje fullført, men 29. juli i år fekk entreprenørselskapet løyve av kommunen til vesentlege terrenginngrep i området i form av vegbygging, knusing av stein og liknande.
Det er vedtaket om løyve til terrenginngrep Statsforvaltaren i Vestland har klaga på. Grunngjevinga for klagen er at reguleringsplanen for området er utdatert.
Utdatert reguleringsplan
Reguleringsplanen for Ekrene næringspark blei vedtatt i 2008. Planar som er eldre enn ti år, skal oppdaterast. Det er ikkje gjort i dette tilfellet, og i saksutgreiinga blir dette forklart med at vurderinga av oppdatering av planar først kjem ved godkjenning av ny kommuneplan.
Det er særleg tre tema som Statsforvaltaren meiner ikkje er godt nok ivaretekne i noverande reguleringsplan for Ekrene næringspark:
- Myr, massehandtering og klimaproblematikk
- Masseuttak og knusing, med konsekvensar for støy, støv og trafikkmengd
- Overvatn og auka nedbørsmengd
Overraskande klage
Leiaren i NTN, Mikal Møller Hovda (H), seier at reguleringsplanen likevel er blitt miljøvurdert under arbeidet med ny kommuneplan. I den nye kommuneplanen blir det foreslått å utvida Ekrene næringspark, noko som då vil krevja ny reguleringsplan.
– Klagen frå Statsforvaltaren kom svært overraskande og går hardt ut over ein næringsfattig kommune som Sveio. Løyvet som blei gjeve frå kommunen var ikkje ei dispensasjonssak slik Statsforvaltaren har hevda, og «Forskrift om forbod mot nedbygging av myr» er ikkje vedteke, seier Hovda.
Han håpar ein settestatsforvaltar vil sjå saka annleis. Og skulle Statsforvaltaren i Vestland få medhald, håpar han i det minste at det vil vera nok å oppdatera gjeldande reguleringsplan før arbeidet med felt 3 kan halda fram.
Skulle vore oppdatert
Rådmannen hadde foreslått å ta klagen frå Statsforvaltaren til følge i denne saka. Forslaget om å ikkje ta klagen til følge, blei sett fram av Hovda på vegne av Høgre, Framstegspartiet og og Kristelig Folkeparti. Dette blei vedtatt mot ei stemme. Olav Østebø Olsen (SV) utgjorde mindretalet.
– Reguleringsplanen for Ekrene næringspark er svært gammal. Kommunen har plikt til å halda planen oppdatert, og dette spørsmålet burde vore lagt fram for politikarane til vurdering, seier Østebø Olsen til Vestavind.
Han peikar mellom anna på at det ikkje blei tatt omsyn til naturmangfald då reguleringsplanen blei godkjent i 2008. Naturmangfaldlova var ikkje ein gong vedteken den gongen.
Østebø Olsen stiller også spørsmål om behovet for felt 3 på Ekrene.
– Ekrene næringspark er viktig for Sveio, ingen tvil om det. Men i samband med revisjon av kommuneplanen er det foreslått ei utviding av næringsparken. Treng me både denne utvidinga og felt 3 i den gamle reguleringsplanen? Salet av tomtene på Ekrene har ikkje akkurat gått som varmt kveitebrød, seier SV-politikaren.
Han meiner også det er viktig å vurdera desse spørsmåla i ein planprosess der både politikarar, næringsinteresser og folk flest får koma til orde med innspel.
Forseinkingar
Birkeland AS har gjort avtale om å overta felt 3 i Ekrene næringspark for vidareutvikling og sal av næringstomter. Interessa for tomter på dette feltet er allereie merkbar, kunne dagleg leiar Kai Peder Birkeland fortelja i eit intervju med Vestavind for kort tid sidan.
Klageprosessen som no er i gang, har ført til at kommunen har sett løyvet til terrenginngrep på vent. Kva følger klagen frå Statsforvaltaren elles vil få for utviklinga av Ekrene næringspark, vil ikkje HMS-KS-leiar og prosjektleiar Helge Mundal i Birkeland AS uttala seg om på dette tidspunktet.