nyhende

Hovudredningssentralen (HRS) tok imot i fjor 249 nødalarmar frå norskregistrerte nødpeilesendere. Mange var falske. Foto: Carina Johansen / NTB / NPK
Hovudredningssentralen (HRS) tok imot i fjor 249 nødalarmar frå norskregistrerte nødpeilesendere. Mange var falske.

HRS åtvarar mot falske nødmeldingar

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Hovudredningssentralen (HRS) fekk i fjor 249 nødalarmar frå norskregistrerte nødpeilesendarar. 96 prosent av mottekne nødalarmar var falske.

Av dei 249 nødalarmane var 166 nødalarmar frå båtar, 76 frå fly og 7 frå personlege nødpeilesendarar, skriv Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit ( Nkom).

96 prosent av meldingane var falske, noko som er eit stort problem. Når alarmen blir utløyst, blir nødsignala vidareformidla omgåande til ein redningssentral som organiserer ein redningsoperasjon.

Personlege nødpeilesendarar som ofte blir brukte i fjellet, krev ei aktiv handling for å utløysast, medan sendarar om bord i båtar og fly ofte blir utløyst automatisk i kontakt med vatn, eller dersom dei blir utsette for unormalt store g-krefter.

– Det er potensielt eit beredskapsmessig problem når redningsressursar blir brukt unødvendig, fordi det kan vere bruk for dei andre stader, noko som skaper samtidighetskonflikt og i verste fall tap av liv, seier Olav-Johan Johnsen i Hovudredningssentralen.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS