nyhende

Utsikt frå vindauget i andre etasje på garden Berge. Hjortekalven låg bak treet til venstre i biletet, midt mellom gatelyktene. Garden Berge ligg på høgre side av E39 når ein køyrer nordover, og like før Liereidkrysset.
Utsikt frå vindauget i andre etasje på garden Berge. Hjortekalven låg bak treet til venstre i biletet, midt mellom gatelyktene. Garden Berge ligg på høgre side av E39 når ein køyrer nordover, og like før Liereidkrysset.

Høyrde børseskot frå soveromsvindauga – oppdaga tjuvjakt

Natt til søndag blei ein liten hjortekalv skoten ulovleg på Vihovda. Grunneigaren klarte å forhindra at jegerane fekk byttet med seg.

Publisert Sist oppdatert

Klokka er halv tre natt til søndag, månen lyser opp landskapet på Vihovda. Då kjem det ein kraftig smell som frå eit børseskot. Grunneigar Anita Higgins Berge som ligg vaken, kjem seg fort bort til soveromsvindauget der ho har god oversikt nedover bakkane mot E39.

Skremde bort tjuven

– Då eg høyrde skotet, tenkte eg straks at det kunne vera tjuvslakt, og kom meg fort bort til vindauget. Då ser eg ein bil som kjem rullande sakte og ein person som hoppa ut av bilen og over gjerdet, sannsynlegvis for å plukka opp byttet. Då opnar eg vindauget og ropar det eg vinn. Personen bråsnur og kjem seg tilbake til bilen og dei forsvinn i ein farleg fart i sørleg retning på E39, fortel Berge.

Etter ein tur nede på bakkane for om mogleg finna ut meir, ringde ho til politiet, som var kjapt på plassen.

Berge fekk også hjelp av sonen Thomas, som kom og vomma ut dyret. Det var ein liten hjortekalv, knappe 20 kilo. Dyret var skoten i hovudet.

Ønskjer tips

Politet ber om tips frå publikum etter tjuvjakta som no er anmeld.

– Har du sett eller høyrt nok relatert til denne saka er me interesserte tips, seier vaktsjef Haugesund politistasjon, Gunnar Sande, til Vestavind

Powered by Labrador CMS