nyhende

Hoppande glad for skulestart

Onsdag morgon møtte 19 spente førsteklassingar opp til skulestart på Vikse. Ein av dei var Tobias Salt Nesse.

Publisert Sist oppdatert

– Eg gler meg til å gjera lekser, kjem det kontant frå Tobias når me spør kva han gler seg mest til. Seksåringen frå Rophus har i sommar besøkt både Hunderfossen, Lilleputtdammen og besteforeldra, han har vore på hyttetur, og han har sove i telt. No er han superklar for i sitt livs eventyr – skulen.

Tobias har med seg mamma Jeanett og pappa Christian, og veslesøster Olivia, som ennå må venta tre år før ho kan få byrja på skulen.

Koronavenleg start

Skulane skal drivast på grønt nivå, men foreldre må likevel halda seg unna klasserommet på første skuledag. Alternativet blei difor elevsamling i den såkalla «borga» ute på skuleplassen, foreldra måtte fint måtte stilla seg på utsida.

Trespråkleg klasserom

– Hei, førsteklasse! Dette må de venna dykk til å høyra no, meinte kontaktlærar Lise Rød. Ho var imponert over kor flinke elevane var til å sitja i ro.

Rektor Kristine Rossehaug kunne fortelja at i år hadde dei ein tysk elev i klassen, difor ville ho innimellom snakka litt tysk, og kanskje også litt engelsk.

– Så litt trespråkleg klasserom blir det i ein periode, informerte rektor som gleda seg til å bli kjent med kvar og ein av elevane.

Det venta kjekke oppgåver på dei ferske elevane, blant anna pynta namnelappane sine som skal klistrast opp der yttertøyet skal hengja. Dei fekk også læra ein ny song, «Stopp – ikkje mobb». Og sjølvsagt eta nista si og ha friminutt før skuledagen var over.

Rektor Kristine Rossehaug t.v. tek imot årets førsteklassingar på Vikse.
Powered by Labrador CMS