nyhende

– Holet vert berre større

Eit hol langs Mjånesvegen har dei siste åra vakse seg stort. Ein lokal bebuar fortel at det byrja då lyktestolpar skulle setjast opp.

Publisert Sist oppdatert

Eit tips frå ein lesar har leia til Mjånesvegen, kor eit stort hol og eit søkk i vegen gjer at køyrande bør halda seg på andre sida. Vestavind har tidlegare måla kor djupe hol på vegane er ved hjelp av firmaflaska.

Byrja med lyktestolpane

I holet på Mjånesvegen var det mykje plass til overs for flaska. Det er truleg fordi vassføring på undersida har byrja å skylja bort jord og stein. Ein lokal bebuar som ynskjer å vera anonym var til stades under besøket og fortalde om historia til holet.

– Det er ei veite som går under vegen her, fortel bebuaren.

Bebuaren er ikkje sikker på nøyaktig kor mange år sidan det er, men problemet skal ha byrja under vegarbeid, då lyktestolpar skulle setjast opp langs Mjånesvegen.

– Då dei sette stolpen så grov dei opp jorda, men dei gjorde ikkje noko med det då dei såg kva dei hadde grave opp. Dei flytta ikkje stolpeholet då dei kom over veita, fortel bebuaren.

40 centimeter og djupare

Etter ein stund skal det ha byrja å søkke ved stolpen, før det etter kvart skal ha utvikla seg til dagens fordjuping og hol.

– Det var ikkje vellukka. Holet vert jo berre større, seier bebuaren.

Målinga med flaske og måleband kan sjåast på bileta. Frå djupaste del i holet med fast underlag er det 40 centimeter opp til bakken. Flaska fekk god plass på djupaste del med fast underlag i holet. Om ein flyttar seg nokre centimeter utover der vegen er skylt vekk bort, så forsvinn flaska ned i graset (sjå bilete). Bebuaren meiner det dårlege arbeidet med stolpen har skulda for holet. Tyngre køyretøy må også nytta vegen, noko som ikkje gjer tilstanden betre.

– Det køyrer jo buss og lastebilar her, seier bebuaren.

Powered by Labrador CMS