nyhende

vasslekkasje vatn

Høgt vassforbruk – mistenker lekkasje eller at mange frosttappar

Torsdag føremiddag la Sveio kommune ut ei melding frå vatn og avløpsavdelinga, der alle vass-abonnentar blir bedne om å gå over sine anlegg – og unngå unødvendig frosttapping.
– Det er for tida høgt vassforbruk i Sveio kommune. Dette medfører dårlegare forsyningskapasitet til abonnentane, og dei som bur høgt i terrenget mister vasstrykket, står det i meldinga.Ved eventuell brann, kan det óg vera at brannvesenet får for lite vatn frå det kommunale nettet.– Me mistenker at det er mange som frosttappar. Det kan òg vera større og mindre lekkasjar. Me ber alle om å gå over anlegga sine og sjå etter lekkasjar, og unngå unødvendig frosttapping.Har du informasjon eller er det noko du lurar på, ring VA-vakttelefonen på 915 38 730.
Powered by Labrador CMS