nyhende

Leigemarknaden er pressa mange stader i Noreg. Når prisane stig, aukar konfliktnivået. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Leigemarknaden er pressa mange stader i Noreg. Når prisane stig, aukar konfliktnivået.

Høgt konfliktnivå: Hugs å ha skriftleg husleigekontrakt

Husleigetvistutvalet har aldri teke imot fleire saker enn no. Forbrukarrådet minner nye leigetakarar på kor viktig ein skriftleg husleigekontrakt er.

Publisert Sist oppdatert

Å einast om leigeavtalen med ein triveleg samtale og eit handtrykk kan bli ei dyrekjøpt erfaring for utleigar eller leigetakar.

– Ønskjer du skriftleg kontrakt, har du krav på det, seier Nora Wennberg Gløersen, forbrukarjurist i Forbrukarrådet.

Forbrukarrådet går ut med ei sterk oppmoding når tusenvis av studentar for tida flyttar inn i nye leigebustader: Ha ein skriftleg husleigekontrakt, og sørg for at han er grundig og gjennomarbeidde.

– Kontrakten er ikkje berre ein formalitet – han er din viktigaste tryggleik som leigetakar, seier Gløersen.

Ho påpeikar at ein skriftleg kontrakt gjer det enklare å dokumentere kva partane har vorte samde om, og gir eit sterkare vern dersom ein kjem i konflikt. Forbrukarrådets husleigekontrakt følgjer husleigelova og gir godt vern for begge partar.

Pressa marknad, fleire tvistar

Husleigetvistutvalet (HTU) opplyser til NTB at leigemarknaden er pressa mange stader i Noreg. Når prisane stig, aukar konfliktnivået. HTU har hatt ein naturleg auke i saker etter at det vart landsdekkjande frå 1. september 2021, men har også merka det auka presset. Dei får inn klager både frå utleigarar og leigetakarar. Det kom inn snaue 1800 saker i 2020. I fjor var det over 4300 saker. I juni vart Husbanken og HTU slått saman for å samle og styrkje verkemidla på leigemarknaden. Samtidig skal HTU bli betre i stand til å løyse fleire tvistar.

– Husleigetvistutvalet har aldri teke imot fleire saker enn no. Dette har gjort det stadig meir krevjande å nå målet om kort saksbehandlingstid, uttalte fungerande direktør i Husleigetvistutvalet Christian Heimdal.

Tal frå årsrapporten i 2024 viser ein auke i talet på saker frå 2023 til 2024 på 8,7 prosent.

Sjå godt gjennom bustaden

Ifølgje Forbrukarrådet er svært mange opne for å leige hybel utan å ha sett han først. Forbrukarrådet åtvarar generelt mot å gjere det. Det kan vere vanskeleg å unngå for dei som til dømes flyttar til ein heilt annan del av landet.

– Det optimale er å sjå bustaden før du leiger, men vi skjønner at det ikkje er like realistisk for alle. Om du ikkje har høve til å gå på visning sjølv, sjekk om du kjenner nokon som kan gå dit for deg, eller du kan be om visning over direktevideo som FaceTime, seier forbrukarjurist Gløersen i Forbrukarrådet.

Finn ein då skadar, til dømes på inventar, fuktskadar på golv eller vindaugekarmar eller riper i overflater, har ein høve til å dokumentere korleis tilstanden var ved innflytting, med daterte nærbilete.

Pass på det kollektive ansvaret

Det verkar kanskje pirkete, men kontrakten bør også gjere tydeleg kven som er ansvarleg for kva – særleg om han gjeld eit kollektiv. Viss berre éin person står oppført som leigetakar på kontrakten, kan vedkommande bli ansvarleg for heile husleiga og eventuelle krav.

– Sett deg inn i reglane som gjeld for husleige, sånn at du får ei god oversikt over rettar og pliktar. Ein god kontrakt, kombinert med at du tek bilete av leilegheita når du flyttar inn og ut, kan spare deg for mykje stress og i verste fall økonomiske tap, seier Gløersen.

Ho seier dei kvar sommar får førespurnader frå studentar som hamnar i konflikt med utleigar – ofte på grunn av ulovlege prisaukar, feil bruk av depositum eller usemje om skadar på bustaden.

Powered by Labrador CMS