nyhende

Ordførarkandiat for Sveio Høgre, André Mundal Haukås, veldig nøgd med kveldens første prognose.
Ordførarkandiat for Sveio Høgre, André Mundal Haukås, veldig nøgd med kveldens første prognose.

Høgrevind også i Sveio

Oppteljinga av førehandsrøystene viser at det bles ein kraftig Høgre-vind over Sveio som resten av landet. Høgre har fått 23,6 prosent av røystene. Det er ein framgang på 5,6 prosent samanlikna med valet for fire år sidan.

Publisert Sist oppdatert

Om dette blir det endelege valresultatet, blir Høgre det desidert største partiet i Sveio. Arbeidarpartiet kan derimot notera seg for ein nedgang på 9,7 prosent og endar på 18,7 prosent.

Senterpartiet i Sveio har også gått tilbake med 9,3 prosent og endar på 9,5 prosent.

Framgangen på borgarleg side blir forsterka av at Frp har fått 14,0 prosent av røystene, ein framgang på 0,7. KrF har også gått fram 0,3 prosent til 9,3 prosent.

SV har fått 3,7, prosent og MDG 2,5. Begge har litt tilbake, 1,5 og 2,4 prosent.

Venstre, som ikkje har vore representert i kommunestyrt dei siste fire åra, fått 2,5 prosent av dei røystene som nå er talt opp.

Det har knytt seg stor spenning til nykomarane ved dette valet i Sveio. Desse første resultata gir heile 8,3 prosent til Industri- og næringspartiet og 7,1 prosent til Tverrpolitisk Fellesliste (TvF). Liberalistene 0,9 prosent.

Solid opptur for Høgre

Vikse krins er no ferdig talt, og der fekk Høgre heile 35, 2 prosent av stemmene. I Førde krins blei det 17,1 prosent på Høgre. Der er Senterpartiet størst med 21,3 prosent.

Valkvelden så langt er ein stor opptur for Høgre-leiren og ordførarkandiat André Mundal Haukås.

Kva føler du no?

– Eg er naturlegvis veldig nøgd.

– Trur du Sveio vert liknande som Noreg i oppslutning?

– Det er det me går for, smiler Haukås

– Endrar oppslutninga kven du vurderer å samarbeida med?

– Nei, det er mange lister som ikkje er med på prognosa som er i Sveio, så det står att å sjå.

– Enno tidleg

Prognosen gjeld førehansrøystene, og Rune Teikari (Frp) understrekar at det framleis er tidleg på valkvelden.

– Kven vil dykk samarbeida med?

– Det er meir naturleg for oss med borgarleg, og slik det ser ut no verkar det mogeleg. Det står att mange slengjarar og slikt så det vert først klart truleg i morgon, seier Teikari.

Med 14 prosent av røystene og ein framgang på berre 0,7, understreka varaordførar Ruth G. Ø. Eriksen (Frp) at oppteljinga enno ikkje er ferdig.

Skuffa

– Det er synd me ikkje klarar å behalde fem i kommunestyret. Me får berre vente på oppteljinga og sjå korleis det går. Eg er litt skuffa, og hadde håpa på meir, seier Monica Valen Vandaskog, ordførarkandidat for Sp.

– Eg konstaterer at me har gått tilbake. Det var ikkje heilt uventa. Nå må me først venta til det endelege resultatet ligg føre. Så får me snakka saman og finna ut kven det er grunnlag for å samarbeida med, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap).

Vestavind møtte henne på kommunehuset då grovtellinga av vel 70 prosent av røystene var unnagjort. Denne grovteljinga viser kraftig framgang for Høgre og tilbakegang for Ap.

Oppteljinga viser at 68 prosent av Sveio sine 4.376 røysteføre innbyggjarar har brukt røysteretten sin. Vikse var den første av krinsane som var ferdig med grovteljing.

Ein inne

– Me er nøgde med å ha ein inne. Det er litt mindre oppslutning enn sist, men med mange nye parti, så er me nøgde, seier Olav Østebø Olsen i SV.

– Kva no med borgarleg fleirtal?

– Me kjem til å nytta det mandatet me har best mogeleg.

– Ordførarkandidat du støttar?

– Nei, det vil eg ikkje svara på enda.

Utradisjonell valkamp

– Me har fått ei handfull fleire stemmer, men skulle gjerne hatt 17 stemmer til for eit nytt mandat, seier Jarle Jacobsen (KrF)

– Kva synes du om at KrF har same oppslutning sjølv om det er mange nye parti?

– Me har stått fast, og har ikkje mista noko til dei nye partia, det er me nøgde me, seier han.

– Kven vil KrF samarbeide med?

– Det må nok vera borgarleg og sentrum, svarar Jacobsen.

– Verkar det som KrF har veldig lojale veljarar?

– Eg trur resultatet har vist me er til å stola på for veljarane, og det tror eg har lønt seg, seier han.

– Du har vore veldig synleg og utradisjonell tidleg i valkampen, var det meininga?

– Eg har nok vore meir aktiv denne gongen. Det er litt fordi me har eit godt lag og følte det var ein prioritet å gjera oss synlege, svarar Jacobsen.

– Du har sete Sveio mykje på kartet i media utanfor kommunen, og til og med fått fylkesordføraren hit. Har det vore eit gode i valkampen?

– Eg er usikkar på kor mykje eg har tent på å setja ljos på fylkesvegar, men eg ser at engasjementet mitt har smitta over på dei, og det viktigste er at det kjem fokus på vegane, seier Jacobsen.

Landsomfattande trend

Resultata i Sveio så langt samsvarar langt på veg med trenden på landsbasis. Den første landsoversikten som TV2 presenterte klokka 21.00, viser at Høgre også er landets største parti med 26,8 prosent av røystene og ein framgang på 5,6.

Framstegspartiet har også gått fram med 3,2 prosent på landsbasis og endar på 11,4 prosent. Kristeleg Folkeparti er over sperregrensa (om det hadde vore stortingsval) med 4,1 prosent. Det er ein framgang på 0,1. Venstre er oppe på 5,0 prosent etter ein framgang på 1,1.

Også på landsbasis er Arbeidarpartiet i motvind. 22,9 prosent og ein nedgang på 2 prosent gjer dette valet til det dårlegaste for partiet på svært lang tid. Om det er noko trøyst, har regjeringspartnar Sp gjort det monaleg dårlegare. Partiet har gått tilbake med 7,8 prosent og endar på 7,8.

Når det gjeld dei andre partia på landsbasis får SV 6,8 prosent (+0,7), Raudt 3,3 (-0,5), MDG 3,9 (-2,9) og Liberalistene 2,6 prosent.

Høgre-vind også i Vestland

Ved 22-tida, då grovteljinga var unnagjort for 53, 8 prosent av røystene i Vestland fylkeskommune, viser oversikten at Høgre også her er den store vinnaren. Partiet har hatt ein framgang på 4,9 prosent og ligg så langt på 23,2 prosent av dei opptalte røystene. Prosentvis er Senterpartiet den store taparen med ein tilbakegang på 5 prosent til 9,3. Jon Askeland (Sp) sine dagar som fylkesordførar kan dermed vera talte.

Også på fylkesbasis har Arbeidarpartiet gått tilbake med 1,2 prosent og endar på 20 prosent. Deretter følgjer Framstegspartiet med 11,7 (+4,3), Sosialistisk Venstreparti med 8,2 (+1,7), Kristelig Folkeparti med 4,9 (-0,1), Venstre med 3,9 (-0,3), Miljøpartiet Dei Grøne med 3,4 (-3,1), Raudt med 3,1 (-0,3) og andre med 12,2 (-0,8). Gruppa «andre» omfattar blant andre nykomlingen Industri- og næringspartiet, som har gjort det svært godt mange stader.

Powered by Labrador CMS