Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Høgres stortingskandidatar tener best
Blant politikarane som stiller til val i år, har Høgre-kandidatane høgast inntekt. Raudts kandidatar har lågast.
Felles for listekandidatar for alle parti, er at dei gjennomgåande har høgare inntekt enn befolkninga elles. Noko av forskjellen kjem av alderssamansetning og ulikt utdanningsnivå, ifølgje SSB.
Høgre-kandidatane hadde ei median-inntekt etter skatt på 686.600 kroner.
Det er vel 42 prosent høgare enn medianen for befolkninga som ikkje stiller til val, men berre 4 prosent høgare enn for Senterpartiets kandidatar, som ligg nest høgast.
Inntekta i SSB-statistikken er for 2023.
Deretter følgjer Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, KrF og Venstre.
I det nedre sjiktet følgjer SV, MDG, andre parti og nedst Raudt – med ei inntekt etter skatt på 479.600 kroner.
For å samanlikne økonomisk velferd, har SSB også sett på inntekt når ein ser på hushaldet samla. Også då vil politikarane har høgare inntekt, 13 prosent høgare enn resten av befolkninga.