nyhende
Høgre vil ha hurtigspor for ukrainske flyktningar
Tre spor bør på plass snarast for at Noreg skal stå førebudd til å ta imot ukrainske flyktningar, meiner Høgre, som ber om ein oppskaleringsplan.
Partiet ber regjeringa om å leggje fram ein plan for korleis driftsoperatørar på asylmottak og kommunar skal setjast i stand til å ta imot flyktningar. Tre punkt bør omfattast:
• Eit hurtigspor for å få ukrainske flyktningar inn i arbeid og aktivitet.
• Det må sikrast like økonomiske ordningar for asylsøkjarar i mottak som dei som bur heime hos familie eller venner.
• Ein gjennomgang av lover og reglar som kan måtte endrast som følgje av ein ekstraordinær situasjon. Til dømes å fråvike plan- og bygningslova når eigedom skal byggjast og omregulerast på kort tid for å huse flyktningar.
Bu privat
Lønseth viser til at flyktningane truleg vil vere her i landet i ein avgrensa periode og at det blir lagt opp til mellombels opphald til krigen er over. Derfor stiller ho spørsmål om det vil vere formålstenleg med å sende dei gjennom ordinært introduksjonsløp.
– Vi meiner det trengst hurtigspor for å få folk raskt ut i arbeid og aktivitet. Det bør òg tilbydast norskkurs. Også flyktningar som ikkje har fått avklart opphaldsstatusen sin endå, bør sikrast mellombels arbeidsløyve raskt.
Det er truleg ein del ukrainarar som vil ønskje å bu hos familie eller venner medan dei er i Noreg. Det er òg nordmenn som har stilt spørsmål til utlendingsstyresmaktene om dei kan stille bustad til disposisjon.
Lønseth seier det er viktig at flyktningar som kan bu privat til dømes hos familie, får moglegheita til det på like vilkår som dei som bur på mottak.
– Regelverket og stønadene som asylsøkjarar elles får bør vere tilpassa det. Når folk i Noreg opnar sine heim, og dermed avlastar norske styresmakter, bør dei ikkje tape på dette, seier ho.
Mehl: Jobbar intenst
Høgre meiner mange kommunar og aktørar innan mottak ventar på tydeleg signal frå regjeringa. Lønseth har bede justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) om å komme til Stortinget tysdag for å orientere om situasjonen.
– Noreg har beredskapsplanar for ein stor auke i migrasjonen til landet. Regjeringa har dei siste dagane jobba intenst med å oppskalere kapasiteten etter den endra situasjonen vi ser i Europa. Det gjer vi langs fleire spor. Både i mottakskapasiteten vi allereie har, og ved å kartleggje kommunane som har signalisert at dei vil stille opp og hjelpe, seier Mehl til NTB.
– Vi må òg vere førebudde på at det kan oppstå ein situasjon der mange flyktningar kjem på kort varsel. I ein naudssituasjon kan det då vere aktuelt å ta i bruk til dømes idrettshallar, legg ho til.
Justisministeren var torsdag i Brussel for å delta på innanriksministermøtet i EU. Der vart landa samde om å innføre mellombels kollektivt vern til flyktningar frå Ukraina. Den norske utlendingslova har ei liknande ordning som kan takast i bruk. Statsminister Jonas Gahr Støre sa torsdag at regjeringa vil opne for kollektivt vern, men at regjeringa ville sjå på innretninga og rekkjefølgje etter at EU har avklart spørsmålet.
– Det er viktig å ha beredskap på fleire nivå sidan situasjonen er uoversiktleg og kan endre seg raskt, men regjeringa er førebudd og har kontroll, seier Mehl.
(©NPK)