nyhende
Høgaste fart målt til 78 km/t i 60-sona
Onsdag hadde UP kontroll på E39 i Førde. – No før og rundt skulestart prøver me å vera til stades ved aktuelle skular, seier Malvin Kvamme.
Han er gruppeleiar for UP Haugalandet, og seier kontrollen ikkje er blant det verste dei har vore borti i 60-sona. Ein kjapp sjekk i Vestavind sitt arkiv viser at det ein del gonger har vore opp mot 20 forenkla forelegg og fart langt over 78 km/t.
10 forenkla forelegg
– Kontrollen pågjekk frå klokka 11.30 vel 13.00, og det blei utskrive 10 forenkla forelegg. Høgaste fart vart målt til 78 km/t. Dette er eit stekke med mykje trafikk, og det ser ut til ein del av dei som blei stoppa ikkje hadde fått med seg 60-skiltet, eller mentalt var i 80-sona og gløymde seg ut, seier Kvamme.
Førde er ein plass der UP er ei del i løpet av året.
– Me har vore i Førde ein del gonger, og kjem til å halda fram med kontrollar der. No før og rundt skolestart prøver me også å vera til stades rundt aktuelle skular, seier Kvamme
Bøtesatsene for 60-sone ellet lågare
- Til og med 5 km/t: kr. 1.150
- Til og med 10 km/t: kr. 3.150
- Til og med 15 km/t: kr. 5.650 (+ 2 prikkar)
- Til og med 20 km/t: kr. 8.200 (+ 3 prikkar)
- Til og med 25 km/t: kr. 12.700 (+ 3 prikkar)
- Over 25 km/t: inndraging av førarkort