nyhende

Påverknad frå akvakultur er ein av grunnane til at økosystema i dei to områda på Vestlandet har større risiko for å bli påverka negativt av menneskeleg aktivitet enn områda i nord. Illustrasjonsfoto.

Høgare risiko for øko-systema i vest enn i nord

Økosystem på vestlandskysten blir i større grad negativt påverka av menneskeleg aktivitet enn område i nord, viser ein ny forskingsrapport. Akvakultur, turisme og rekreasjon er hovudgrunnane.

Publisert Sist oppdatert
Den ferske studien frå Havforskingsinstituttet har sett på den samla menneskelege påverknaden på økosystema i fire forskjellige område: Karmøy til Sotra på Vestlandet, Nordhordland til Stad på Vestlandet, Lofoten og Vesterålen og Vest-Finnmark.

– Hovudgrunnen til at det er større risiko for økosystema i dei to områda på Vestlandet, er påverknad frå akvakultur i tillegg til frå turisme og rekreasjon. Det er den store forskjellen, seier havforskar Johanna Myrseth Aarflot.

I dei to områda på Vestlandet, som i trafikklyssystemet for fiskeoppdrett er det same som produksjonsområde 3 og 4, er det mykje akvakultur og meir menneskeleg nærvær.

– Det vi ser, er at det er høgare risiko for at økosystema i sør blir påverka negativt av menneskeleg aktivitet enn økosystema i nord, seier Aarflot.

Risikoen frå transport er ganske lik i områda, men her treng forskarane meir informasjon.

– Skipstrafikk er utbreidd i kystsona og har potensielt mange påverknader som undervasstøy, driftsutslepp frå olje og miljøgifter, men det er lite kunnskap om kor utbreidd desse påverknadane er, meiner Aarflot

Når det gjeld fiskeri, er det litt høgare risiko for påverknad i nord, men forskjellen er ikkje så stor.

Powered by Labrador CMS