nyhende

Den kraftige renteauken kan medføre at mange betaler for mykje skatt i år. – Alle som er påverka av renteauken bør sjekke skattekortet sitt nøye, seier Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Den kraftige renteauken kan medføre at mange betaler for mykje skatt i år. – Alle som er påverka av renteauken bør sjekke skattekortet sitt nøye, seier Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten.

Høgare rente kan gi lågare skatt

Publisert Sist oppdatert
NPK: Den kraftige renteauken kan medføre at mange betaler for mykje skatt i år. – Alle som er påverka av renteauken bør sjekke skattekortet sitt nøye, seier Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten.

Når banken din set opp bustadlånsrenta, vil du få høgare frådrag i skatteoppgjeret ditt. Det betyr at fleire kan liggje an til å få pengar til gode på skatten neste år. Justerer du skattekortet ditt i haust, vil du allereie i år kunne få litt meir å rutte med.

– Skattekortet du fekk i desember bestemmer kva du skal betale i skatt, og er basert på eit estimat over inntekta og frådraga dine for kommande år. Derfor bør du alltid sjekke at opplysninga i skattekortet er rett, seier Gjengedal i ei pressemelding.

– I tillegg kan privatøkonomien endre seg gjennom året. Så når til dømes renta endrar seg mykje, er det ekstra viktig å sjå om du treng å endre skattekortet, seier ho.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS