nyhende
Høg oppslutnad om barnevaksinasjon
Barn i Noreg er godt beskytta mot sjukdommar dei er vaksinerte mot, viser tal frå FHIs vaksinasjonsregister for 2023.
– Den høge oppslutninga kan i stor grad tilskrivast at vaksinar til barn er gratis, lett tilgjengeleg og at arbeidet med vaksinar blir utført av ei helseteneste med høg kompetanse og tillit, seier Margrethe Greve-Isdahl, overlege og leiar for barnevaksinasjonsprogrammet ved Folkehelseinstituttet i ei pressemelding.
Dette kjem fram av årets dekningsstatistikk frå Nasjonalt vaksinasjonsregister Sysvak ved FHI. Vaksinasjonsdekninga blir publisert årleg og omfattar 2-, 9- og 16-åringar.
Ifølgje dekningsstatistikken for 2023 har dei fleste barn og unge fått vaksinane dei får tilbod om i barnevaksinasjonsprogrammet.
At så mange barn i Noreg får vaksine gjer at dei generelt er godt beskytta mot sjukdommane det blir vaksinert mot.
– Dette står i motsetning til fleire land som har lågare oppslutning om vaksinar til barn, eller opplever eit etterslep i vaksinasjonsarbeidet som resultat av koronapandemien, seier Greve-Isdahl.