nyhende
Foto: Thomas Vallestad Drageset
Høg fart på Ålfjordvegen
Utrykkingspolitiet gjennomførte tysdag ein trafikkontroll i 80-sona på Ålfjordvegen. Det kosta ein del førarar dyrt.
Fart var i fokus under denne kontrollen, melder Sør-Vest politidistrikt i loggen sin klokka 13.23. Det blei skrive ut elleve forenkla forelegg under kontrollen. Høgaste fart blei målt til 100 km/t.
Vestavind er ei uavhengig lokalavis for Sveio kommune i Vestland fylke. Avisa blei stifta i 1986, er på nynorsk og har papirutgåve ein gong i veka. Vestavind arbeider etter Redaktørplakaten og Ver Varsam-plakaten sine retningslinjer for god presseskikk.
Det er ikkje tillatt å kopiera frå denne sida eller legga ut skjermdump av artiklane til Vestavind. Me gjer merksam på at denne nettavisa blir samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.