nyhende
Høg fart i Førde
Utrykningspolitiet gjennomførte onsdag ein trafikkontroll på E39 i 60-sona ved Førde kyrkje.
Kontrollen varte i tre timar, frå kl. 17 til kl. 20. I løpet av denne perioden blei 25 køyretøy stoppa på grunn av for høg fart. 24 av førarane fekk forenkla forelegg for fartsoverskridingane. Ein førar nekta å godta forenkla forelegg og blei difor meld til politiet, fortel vaktsjef ved Haugesund politistasjon Nina Fagerland.
Ho opplyser også at høgaste fart som blei målt under kontrollen i Førde, var 81 km/t i 60-sona.