nyhende

Mange i Noreg bruker digitale helsetenester. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Høg bruk av digitale helse­tenester i Noreg

Ei ny undersøking frå Helsedirektoratet viser at seks av ti nordmenn har brukt digitale helsetenester det siste året.

Publisert Sist oppdatert

Bruken har auka kraftig sidan den første årlege undersøkinga i 2019, men har flata ut i løpet av 2025 samanlikna med året før.

– Vi skal ha dei mest digitaliserte helsetenestene i verda. At seks av ti nordmenn har nytta digitale helsetenester det siste året er eit godt utgangspunkt. Jobben vår er å nå ut til endå fleire og gjere bruken enkel og nyttig, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) i ei pressemelding.

Undersøkinga viser at 13 prosent har vorte oppmoda av helsetenesta til å bruke appar og andre digitale sjølvhjelpsverktøy som del av behandlinga. Dessutan meiner sju av ti at det er greitt å ha digital kontakt med ein annan lege dersom deira eigen fastlege ikkje er tilgjengeleg.

Undersøkinga er gjennomført blant 1590 respondentar over 16 år.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS