nyhende
Hobbyen til Tor Inge (54) er friviljug innsats
Den fjerde Vestavind-buketten er overrekt Tor Inge Flåten (54); ein rotfast og heimekjær førdebu, som på fritida yter sitt for at Førde skal vera ei livleg og triveleg bygd for kvar einskild.
«Tor Inge er positiv, imøtekomande, lyttande og engasjert i Førde. Han er oppteken av utvikling og vedlikehald av det som er i denne bygda», ljodar meldinga frå ein av tipsarane våre.
Vestavind fekk sjølv stadfesta denne skildringa i møtet med nominerte. Tor Inge er fyrst og fremst leiar i Førde Bygdalag. Han initierer dugnader i bygda, ryddar, plukkar bos og luggar ugras i Rex Garden. Om sumaren står han ofte i kiosken på «strando» og sel is, vaflar, brus og kaffi til forbipasserande; anten dei er turistar frå Paris, vitjande frå Stord eller sambygdingar.
I tillegg held Tor Inge det reint og ryddig på toaletta ved sida av kiosken. Han og bygdalaget har dessutan teke initiativ til ein aktivitetspark på «strando», der planen er å installera mellom anna eit klatrestativ. Prosjektet er godt i gang, og han gleder seg til å sjå sluttresultatet.
Tor Inge supplerer med at dei òg skal byggja ein bane der ein kan spela petanque, altså eit kulespel som liknar på boccia. Med andre ord; mykje er på ferde på «strando» for tida.
Utover dette har han og bygdalaget planar om restaurering av det gamle Tinghuset i Førde, som vart bygt kring 1881.
— Me vil prøva å få det til å sjå nokolunde likt ut som det gjorde den gongen, seier Tor Inge, som openbert har mange gjeremål på tapeten om dagane.
Men det er nettopp dette som er fritida hans: friviljug innsats i heimbygda, der han har budd 51 år av det snart 55 år lange livet sitt. Arbeidet er gjevande og byd på mange gleder, fortel han.
— Eg synest det er kjekt å sjå at det vert fint rundt meg, og at dei som går her, er glade og nøgde, seier Tor Inge.
Flytte heim
Vestavind er forviten på kva Tor Inge har fylt den tidlegare karrieren sin med, og skjønar raskt at denne karen har gjort nytte for seg på mange meiningsfulle måtar opp gjennom åra:
Ein gong i tida budde han halvtanna år i Bærum. Der arbeidde han som vikarlærar, SFO-assistent og tilsynsvakt. Så flytte han heim att til Førde og byrja som resepsjonist på eit hotell i kjernen av Haugesund. I ein liten periode av livet var han rekneskapsførar for eit firma på Karmøy, men han har òg vore tilsett i Haugaland Kraft.
I tillegg starta Tor Inge og nokre vener ein bordtennisklubb i bygda på starten av 80-talet, der han var leiar i om lag 11 år.
Tor Inge har med andre ord jobba med litt av kvart, men han fortel at å jobba i skulen kanskje var det aller kjekkaste.
— Eg er glad i ungar og synest det er kjekt å sjå når dei kjenner meistring, seier han.
Ein takksam mann
Det er ikkje til å stikka under stol at Tor Inge bruker mykje tid på innsats saman med bygdalaget i Førde. Det er trass alt her han har budd mesteparten av livet, og det er her han har mange av dei han er glad i; både kona, mora, ein bror, ei syster og ein nevø.
Det ligg mange timar og mykje sjel i det friviljuge arbeidet denne mannen har gjort for bygda si. Som takk for innsatsen ynskjer Vestavind å premiera han med ein fyldig bukett frå blomebutikken i Sveio.
Tor Inge, som er særs glad i blomar, uttrykkjer djup takksemd for buketten, men òg for Rex Garden, bygdalaget og dugnadsfolket i Førde.
— Eg set stor pris på buketten. Dette var veldig overraskande. Eg er òg takksam for at folket i bygda er med og hjelper til på dugnader når det trengst. Utan desse hadde det aldri gått, seier han.