nyhende
Ho har fått leiarjobb i Sveio
Rita Holmedal har takka ja til å verte den nye kyrkjeverja i Sveio. — For meg tek kyrkja vare på viktige tradisjonar, seier Holmedal.
— Bakgrunnen min er frå rekneskap, men eg likar mest å jobba med menneskje. Og i denne jobben kjem ein nært på folk i alle livet sine situasjonar, seier Rita Holmedal, påtroppande kyrkjeverje i Sveio.
Ny kyrkjeverje
Ho vert den som tek over for Ottar Krakk som Sveio sin nye kyrkjeverje, og har sin første dag den 1. mai.
Holmedal er 66 år og kjem opphaveleg frå Kvinnherad, men bur no i Haugesund saman med mannen sin. Familien hennar er litt spreidd for vinden, men det gjer ikkje noko.
— Eg har tre barn og fire barnebarn. Barna mine bur i Kvinnherad, Tromsø og Stockholm, seier Holmedal.
— Kven av dei liker du best å besøke, med tanke på geografisk plassering?
— Vel, det er kortast veg til Kvinnherad, men me prøver å vere like mykje alle stader. Me har ein rullering av feiringar av påske og jul forskjellege stader, seier ho.
Viktige tradisjonar
Frå før er ho tilsett i Stord kommune innanfor økonomi og rekneskap. Ho gler seg til den nye jobben.
— Å verte kyrkjeverje og dagleg leiar for Sveio kyrkje blir veldig spanande, og ei ny erfaring for meg, seier Holmedal.
Ho ser på kyrkja som ein institusjon med ei tydeleg oppgåve.
— Kyrkja for meg tek vare på viktige tradisjonar, og som er mogelegvis viktigare enn nokonsinne når me lever i slike urolege tider, seier Holmedal.
Imponert over Holmedal
Johannes Flatnes er leiar i Sveio kyrkjelege fellesråd, og er ein av dei som var med å velje Holmedal. Han er nøgd med kor kvalifisert ho er.
— Ho har god kompetanse innanfor økonomi, erfaring frå privat næringsliv og jobba som rekneskapssjef for Bømlo, seier Flatnes.
Han fortel at kyrkjerådet vart imponert under jobbintervjuet over kor førebudd ho var.
— Ho hadde lest møtereferata for det siste året i Sveio kyrkje. Eg trur ho vert ein god leiar, seier Flatnes.
Til saman var det fire søkarar til stillinga, og tre av dei vart kalla inn til intervju. Holmedal skilte seg ut på ein god måte i søknaden.
— Ho hadde ein særleg interesse for kyrkjebygg og meinte det var ei kulturoppleving i seg sjølv, seier Flatnes.
Utfordrande for kyrkja
No som dei har funne ein overtakar, gler det kyrkjelege fellesrådet seg til å få ho på plass.
— Me er glade for å ha funne ei som kan ta over for Ottar Krakk, som har gjort ein fantastisk jobb, seier Flatnes
Flatnes legg ikkje skjul på at tilsettinga har vorte vanskelegare grunna stillingsprosenten. Kyrkjeverja i Sveio er noko mindre enn ønskeleg.
— Det å få folk i ein 80 prosent stilling er ein utfordring. Me har hatt framstøyt mot politikarane for å få auka den til 100 prosent, men det fekk me ikkje til, seier han.