nyhende
Hjorten går ned i vekt om vinteren uansett
Då forskarane byrja å undersøkje kva ein hjort faktisk veg, såg dei at det er store svingingar gjennom året. Det gjaldt også tamme hjortar som blir mata om vinteren.
– Vi skal lage modellar for korleis hjortebestanden blir påverka av beite på innmark, forklarer førsteamanuensis i populasjonsdynamikk ved Universitetet i Oslo, Yngvild Vindenes, til Titan.
Saman med Atle Mysterud, professor i økologi ved Institutt for biovitskap, skal ho lage modellar for kva som påverkar ein bestand.
Grunnforsking gjort ved Songli forsøksgard frå 70- til 90-talet har gode data på vekt hos hjort. Rolf Langvatn, tidlegare seniorforskar ved NINA og professor ved UNIS, no emeritus, var sentral i arbeidet.
Årstid og alder
Gjennom fleire tiår har han vege, målt og samla data om vill hjort. I tillegg følgde han opp fleire tamme dyr ved Songli forsøksgard. Dyra kjende han igjen, og dei hadde namn som Frida og Fredrik.
– Den modellen som ser ut til å passe best er den som viser at vekta ikkje berre svingar med årstid, men også at topp-punktet blir forskove med alder, seier ho.
I dataa såg dei at kalvane er størst i desember, for så å bli tynnare gjennom vinteren. Dei vaksne er derimot størst i september. Dette har nok mange jegerar merka. Ved jaktstart 1. september er ein del kalvar framleis ganske små, medan kalvar skote nærare jul ofte er større.
Syklisk endring gjennom året
Forsøksdyra måtte vere tamme for at denne forskinga skal vere mogleg. Ville dyr ville vorte stressa av veginga, og det er ikkje mogleg å følgje eit vilt individ på same måte. Langvatn fortel vidare at hjort er eit eigna forsøksdyr, for dei er sosiale flokkdyr og lèt seg temje.
Han og dei andre forskarane vog hjorten regelmessig for å få eksakte tal på den sykliske endringa i vekta gjennom året.
– Vi gjorde dette på tamme dyr, men same korleis du fôrar ein hjort vil den tape vekt om vinteren. Dette er ei tilpassing til livet på nordlege breiddegrader, seier Langvatn.
Då forskarane byrja å undersøkje kva ein hjort faktisk veg såg dei at det er store svingingar gjennom året. Det gjaldt også tamme hjortar som blir mata om vinteren. Foto: Sara Johannessen Meek / NTB/ NPK